Eg går påbygg og får ikkje lenger vanlig stipend. Kva har skjedd?
Jente, 18
Hei, eg skal gå VG4 påbygg neste år ettersom eg har gått 3 år med yrkesfag. Eg bur på hybel og skal ha borteboerstipend som eg har hatt di 3 andre årene på videregående, men ser at eg ikkje får vanlig stipend som eg har gjort de andre årene. Eg lurer da på korleis dette er annerledes og ka slags regler det er, kor mykje kan eg tjene på jobb osv. Eg har jo egentlig ikkje lyst til å ta opp noke lån, og er redd for at eg plutselig får masse i lån som eg må betale berre fordi eg skal få generell studiekompetanse😅
Svar
Hei!
Takk for gode spørsmål!
Det stemmer nok at du ikkje lenger får bortebuarstipend frå Lånekassen. Når du går påbygg etter å ha teke yrkesfag, så får du basislån. Det er den same typen lån som dei som går på universitet og høgskule får.
Måten basislånet fungerer på, er at du tek opp lån. Ein del av lånet kan bli til stipend seinare. Du kan altså ikkje få stipend, utan å ha hatt lån først.
Om du ikkje vil ha lån, så kan du søkja om berre den delen som kan bli stipend seinare. Då kan heile lånet du får bli til stipend seinare, om du oppfyller vilkåra.
Så kva skal til for å få gjort om lån til stipend?
For at du skal få gjort om lån til stipend, så må du bestå det du får støtte til. Du må også bu borte frå foreldra dine, og du kan ikkje tena meir enn grensene det året.
Du finn grensene for inntekt, trygd og formue på Lånekassens sider.
Vennlig hilsen Lånekassen i samarbeid med ung.no
Besvart: 11.7.2025
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål
