Er det slutt med støtte når man er ferdig med vidaregåande?
Gutt, 20
Hei, eg lurte på om vist eg er ferdig med vg2 og har vert litt hos bedrift som lærling men føler eg tok feil med yrke eg valgte og vil bli noke heilt annat, der eg må gå opp igjen heilt fra vg1.. kor mykkje de hadde kostet? Og ka støtte kan eg få av staten? Eller er det heilt slutt me støtte fra staten etter man har gått ferdi vidaregåande en gong allerede?
Svar
Hei!
Takk for spørsmålet! Du kan framleis få meir støtte frå Lånekassen, sjølv om du har fullført vidaregående. Då får du ikkje lenger utstyrsstipend, men du kan ta opp eit basislån.
Basislånet er namnet på studielånet som dei fleste studentar kan få, og ein del av lånet kan bli til stipend seinare. Du kan sjå kor mykje du kan få i lån og stipend på lanekassen.no.
Vennleg helsing Lånekassen i samarbeid med ung.no.
Besvart: 26.2.2025
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål