Spørsmål og svar

Kan ambulanse og politi bruke tvang?

Jente, 14

Hei eg bare lurte på ei ting kan politiet og ambulansen bruke tvang? Siden da eg blei henta av ambulansen så var politiet med fordi ambulansen måtte bruke tvang på meg og de klarte ikkje og bruke tvang på meg så da måtte politiet bruke tvang og eg blei redd jeg sparka i ambulanse senga også måtte politiet holde beinet mitt siden det pleier og roe ned folk, jeg fikk vondt da de holdte fast beinet mitt, vet ikkje ka meir eg ska si men ja eg bare lurer på om de kan bruke tvang…

Svar

Hei,

Fint at du kontaktar oss med spørsmålet ditt.

Helsevesenet ber nokre gonger om hjelp frå politiet. Dette skjer berre når helsevesenet treng å vurdere om pasienten skal behandlast med tvang, eller det er ein pasient som er i tvangsbehandling. Vilkåra for å behandle ein pasient med tvang er strenge. Det er helsevesenet som gjer denne vurderinga og ikkje politiet.

Viss helsevesenet ber om hjelp frå politiet, så er det politiet i den einskilde situasjonen som må vurdere korleis dei kan hjelpe på best mogleg måte. Politiet skal alltid bruke så lite makt som mogleg og på ein så skånsam måte som mogleg. Det skal som hovudregel i slike situasjonar alltid vere eit helsepersonell til stades saman med politiet.

Eg legg ved ein link til den regelen i lov om psykisk helsevern, som seier noko om når helsevesenet kan be om hjelp frå politiet: psykisk helsevernloven § 3-6 andre ledd.

Kanskje du kan snakke med dine føresette eller nokon andre som du stolar på, om episoden der du vart frakta mot vilja di. Det kan kanskje vere til hjelp for deg. Du kan og kontakte ambulansetenesta og snakke med dei no i etterkant, viss du ønskjer det.

Eg håper dette var nyttig for deg.

Pasient- og brukerombudet

www.pobo.no

Besvart: 3.3.2025

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål