Har ein hard kul på halsen. Er det farleg?
Gutt, 13
Hei eg er litt beskymra for ein hard og ubevegelig og smertefri kul eg har bak kjeven under øret på venstre side av hodet og den kulen har vore der lenge liksom 2 månar ellwr noko sånt mwn eg trur ikkje den har vokst eller endra seg men likevell er eg redd for at det kan vere kreft eller noe farlig eg var til legen med det men eg trur dei kjente på feil kul eg hadde ein anna kul som var mjuk og bevegwlig men den er vekke nå trur eg, og pappa trur alt går bra nå men eg tenker fortsatt på den, ja eg har helseangst så, men eg har snakka med copilot den AI en på samsung, men ja den sa at den trur det er noko ufarlig ein lumfwknute som har blitt igjenn og blitt hard eller noko sånt, men eg var sjuk ganske lenge før eg merka klumpen, men AI en sa at eg kan ventw 1 månd eller 2 og følge med på klumpen, men er det farlig, eg er redd plis gi svar kjapt.
Svar
Hei kjære deg.
Du har kjent på ein hard og smertefri jul på halsen i nokre få månader no. Du skriv at du har helseangst og at du er bekymra. 
Det er vanleg at lymfekjertler hovner opp etter sjukdom eller ved sår i det området. Det er bra at dette skjer, for lymfekjertlane er ein viktig del av immunforsvaret. Viss kjertlene ikkje krymper igjen etter ca 4-5 veker, bør ein gå til lege. 
Du har alt gått til lege, men er usikker på om legen kjente på riktig kjertel.
Vi på ung.no kan ikkje stille diagnoser. Og eg kan ikkje seie sikkert kva denne kulen din er, når eg ikkje kan undersøkje deg.
Så eg vil råde deg til å gå tilbake til legen og be om ein ny sjekk av den riktige kulen. Eg understrekar at eg gir dette rådet for sikkerheits skuld, ikkje fordi eg tenkjer at dette må vere noko farleg. Som regel er det ufarlege grunner til at kjertlene ikkje krymper igjen. Dette kan jo også dreie seg om noko anna, til dømes ein tilstoppa og ufarleg talgkjertel e.l. Men dette må legen din avgjere.
Dersom du er mykje plaga av helseangst, kan det vere lurt å snakke med legen om dette også.
Alt godt! Vennlig hilsen lege, ung.no
Besvart: 30.7.2025
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål


