Spørsmål og svar

Kan høgt fråvær føre til lågare fagkarakter?

Gutt, 15

Hei! Eg har hatt ein del fråvær pga. sjukdom og speleoppdrag som musikant (Deltaking på NM osv.) som har vore godkjent av kontaktlærar og rektor. Eg har no fått nedsatt karakter i kroppsøving som følgjer av høgt fråvær. Er det lov? Manglande karaktergrunnlag kan jo påverke om det setjast standpunktkarakter, men kan det påverke sjølve karakteren når eg har god innsats og gode resultat i timane eg er på skulen? Takk for svar:)

Svar

Hei!
Som du sikkert veit kan høgt fråvær føre til at ein ikkje får vurdering i faget (IV).

Viss ein har høgt fråvær, men læraren likevel har godt nok vurderingsgrunnlag, skal ein ha karakter.
Denne karakteren skal, på lik linje med andre karakterar, baserast på korleis ein ligg an i høve kompetansemåla.

Men, det kan vere at du med høgare deltaking, hadde fått vist enda meir kompetanse i kroppsøving.

Du bør uansett, prate med læraren om kva som ligg til grunn for karakteren. Kva er det du får til, og kva er det som læreren tenkjer du kan forbetre.

Hilsen rådgiver ungdomsskole i samarbeid med ung.no

Besvart: 27.4.2023

Vi har valgt ut dette for deg

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål