Kva vil skje om ein klør så ein føflekk sprekk? Kan ein vere i sola?
Gutt, 16
Hei. Eg klødde på eksem og merka ikkje at litt av en føflekk sprakk. Er redd det kommer til å skje noko med meg at eg for eksempel bli veldig sjuk. Eg synes dette er ubehagelig og, men foreldra mine sier dette har skjedd med dei mange ganger. Ka bør man gjøre, man kan vel være ute i sola eller?
Svar
Hei kjære deg.
Det er ikkje farleg om ein klør på ein føflekk slik at den sprekk. Det kjem ikkje til å skje noko særleg. Truleg vil det kome ei skorpe på den (slik som med vanleg hud), og så vil det etterkvart gro att til å bli anten vanleg hud eller slik som føflekken var før.
Du kan vere i sola og gjere heilt som normalt. Du kan godt ta på eit plaster på dette, både for å hindre at det blør, og så du ikkje klør meir på skorpa.
Dette er ikkje noko å bekymre seg for.
Alt godt! Vennlig hilsen lege, ung.no
Besvart: 26.4.2023
Vi har valgt ut dette for deg
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål

