Spørsmål og svar

Kan eg som 16-åring ta ifrå far min foreldreansvaret?

Jente, 16

Hei, som 16 åring har eg lovleg rett til å ta ifrå faren min sin foreldrerett over meg? Han har aldri vore valdleg mot meg altså, men eg ynskjer ikkje eit forhald med han å da meiner eg at eg har rett til som 16 åring. Men likavel har han aldri slått meg så eg veit ikkje om eg faktisk har rett til da. Men eg meiner fortsatt at han aldri har vore ein god farsfigur for meg i dei heile 16 årane han har vert min far. Eg ynskjer å vera så tydeleg som mogleg på at han ikkje er valdeleg mot meg og at eg ikkje er i noko form for fare så da er ingen grunn til å gripa inn, eg merker at når eg skriv så verker da så mykje meir alvarleg enn da, da faktisk er. Eg har da heilt greit, men likavel har eg vore fast bestemt no i fleire år på at eg ikkje vill ha noko meir med pappa å gjera etter at eg blir vaksen, men i da sista har eg lurt på om eg kan sleppa da allereie no. Tusen takk, mvh j 16.

Svar

Hei!

Foreldreretten, også kalt foreldreansvaret, inneber ansvar for å gi forsvarleg omsorg og oppseding, jf. barnelova § 30. Dei som har foreldreansvaret har både ein rett og plikt til å ta avgjerder for deg i personlege tilhøve.

Samtidig gir barnelova § 31 deg rett til å bli høyrd i saker som gjeld deg sjølv. Når du er 16 år, skal det leggjast stor vekt på kva du meiner. Meininga di er altså viktig, og ho skal takast på alvor.

Likevel betyr dessverre ikkje dette at du sjølv kan ta frå far din foreldreansvaret. Endring av foreldreansvar må avgjerast av foreldra dine, eller eventuelt av domstolen dersom dei er usamde. Det er ein høg terskel for at ein forelder mistar foreldreansvaret.

Som du sjølv er inne på, er det du som avgjer om du vil ha kontakt med far din når du har fylt 18 år. Fram til du blir myndig, har du rett til å bli høyrd og til å påverke kor mykje kontakt du skal ha, men du kan ikkje krevje at foreldreansvaret hans skal opphøyre.

Dersom du treng nokon å snakke med om korleis du kan setje grenser eller handtere situasjonen fram til du blir 18, rådar eg deg til å ta kontakt med mor di, eller ein trygg vaksen som helsesjukepleiar på skolen. Du kan og ta kontakt med familievernkontoret der du bur.

Håpar svaret var til hjelp for deg.

Hilsen juristen, ung.no

Besvart: 3.3.2026

Oppdatert: 3.3.2026

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål