Spørsmål og svar

Kor mange prosent polsk er eg?

Jente, 14

Hei eg har eit spørsmål! Begge foreldrene mine er polske, men eg er født her i Norge. Er eg kvart polsk då? eller halvt? da e litt vanskelig og sei da. For eg e jo ikje fult polsk, men liksom eg oppføre meg mer som polakka og eg kan snakka flytande polsk, og eg ser dessuten mer polsk ut i fjese og oppførsel enn norsk. Så kof møkje prosent polsk kan eg sei at eg e?

Svar

Hei,

Når ein blir ungdom er det vanleg at ein byrjar å tenke litt ekstra på kven ein er, kvar ein høyrer til og om ein passar inn. Det er også heilt normalt at ein kan bli litt forvirra av å tenkje mykje på dette.

Du spør kor mange prosent polsk du kan seie at du er. Reint matematisk kan du seie at du er 100% polsk, fordi mor di er 100% polsk og far din er 100% polsk. Men, i den verkelege verda så seier ikkje dette oss så mykje likevel, fordi det ikkje seier noko om kva vi sjølv føler oss som. Og kva vi sjølv føler er mykje viktigare enn eit reknestykke.

Du vel sjølv kva du ønsker å kalle deg. Alle som er født i Noreg, eller bur i Noreg og kjenner ein tilhøyrsle til Noreg, kan kalle seg norsk. Hugs at det finst tusenvis av måtar å vere norsk på og at ein kan kalle seg norsk uavhengig av korleis ein ser ut, om ein snakkar fleire språk og om ein føler tilhøyrsle også til andre land enn Noreg. For sjølv om ein er fødd i Noreg kan ofte andre tilhøyrsler vere like viktige, kanskje også viktigare, enn den norske delen av identiteten. Ønsker du å kalle deg norsk så kan du det, ønsker du å kalle deg polsk kan du det og ønsker du å kalle deg polsk-norsk kan du det og ønsker du å kalle deg noko anna er det også heilt i orden.

Identiteten vår bli påverka av menneska rundt oss, kvar vi veks opp og kva land og kulturar vi har tilhøyrsle til. Alt er med på å forme oss. Kva vi føler oss som endrar seg ofte over tid, eller til og med ved ulike anledningar. Nokre gonger føler du deg kanskje mest polsk, medan andre gonger føler du deg kanskje mest norsk, og nokre gonger føler du deg kanskje 50% norsk og 50% polsk, eller 70% polsk og 30% norsk. Alt dette er heilt normalt og heilt i orden. Det viktigaste å hugse på er at det berre er du som har rett til å definere kva du ønska å omtale deg som, kva som følast rett for deg, ingen andre har rett til å bestemme det for deg.

Har du høyrt om ordet «krysskulturell»? Det å være kryskulturell handlar om å ha ein identitet som er forma og påverka av fleire kulturar. «Krysskuturell» kan også forståast som å vere del av fleire kulturar utan at vi treng å velje ein. Det er mange i Noreg som veks opp som krysskulturelle i dag. Eg legg ved ein artikkel om korleis det kan være å vekse opp som krysskulturell – så kan du sjå om du kjenner deg igjen.

Eg håpar dette svaret var til hjelp.

Hilsen Minoritetsrådgiver (IMDi) i samarbeid med ung.no

Besvart: 15.5.2023

Vi har valgt ut dette for deg

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål