Må eg betale ned på studielånet før eg kan søke på nytt?
Jente, 18
Hei eg og ein veninna mi satt å lurte på dette med folkehøgskule og høgare utdanning. Me var litt usikker på studielån. Må ein betale ned lån for folkehøgskule, før ein tar lån for høgare utdanning?
Svar
Hei,
Takk for spørsmål.
Studielånet er rente- og avdragsfritt så lenge du mottek stønad i frå Lånekassen til fulltidsstudier. Det betyr i praksis at du kan for eksempel gå i frå folkehøgskule til høgare utdanning utan å måtte betale ned på lånet, så lenge den nye utdanninga er på fulltid og  du mottek stønad i frå Lånekassen.
Sjølv om du har begynt å betale ned på studielånet, så kan du søke om lån til ny utdanning.
Vennlig hilsen Lånekassen i samarbeid med ung.no.
Besvart: 19.2.2024
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål