Spørsmål og svar

Avbrutt utdanning, vil eg få problemer med Lånekassen?

Jente, 19

Hei, så eg var privatist en periode for å ta 2 fag eg trudde eg tenkte. Når eg gjor dette jobbet eg også. Eg søkte om stipend frå lånekassen noke eg fekk ikkje så mykje siden det berre var 2 fag. Etter noen måneder begynte eg å revurdere utdanningen eg tenkte å ta (grunnen til at eg vart privatist). Etter litt tenking og det at eg kom inn på en folkehøgskule, valgte eg å slutte som privatist. Det eg hadde glemt var stipendet, så nå lure eg på...er det sånn at det blir et lån? Hvordan funker det? Kjem summen til å auke pga. Rente? Eg sliter ganske økonomisk og pengene frå stipendet har egentlig flere ganger vert grunnen til at eg klarte å ha mat på bordet. Nå stresser eg pga. Eg tenkte ikkje at det skulle bli et lån, og eg vet eg må ta et studielån for folke så blir det då 2 lån? Slik eg ser på det nærmer eg meg med å vere med på luksusfellen...

Svar

Hei,

Takk for spørsmål.

Du kan nok rekne med å bli sittande med noko lån, men eg trur ikkje du kjem på luksusfellen med det første.

Vær klar over at eg ikkje kan sjekke lånet ditt her i frå ung.no, så for eit betre svar bør du ta kontakt med Lånekassen direkte, for eksempel på telefon eller i få Dine sider. Her kan eg berre svare i svært generelle ordelag.

Generelt så er det slik at dersom du mottek stønad til ein utdanning du ikkje tek, så vil stønaden din bli ståande som lån. Har du lån i frå Lånekassen, så vil du etter ei stund bli tilsendt ein nedbetalingsplan, og det vil løpe rentar på lånet ditt, og du får tilsendt rekningar. Dersom du ikkje kan betale, så kan du søke om utsettning, og i nokre situasjoner om sletting av renter.

Dersom du skal gå på folkehøgskule til neste år, så kan du søke om studelån til det.

Vennlig hilsen Lånekassen i samarbeid med ung.no.

Besvart: 15.4.2024

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål