Fritak i kroppsøving?
Gutt, 17
Går på vgs og har fullført matte, naturfag, engelsk og kroppsøving på vg1 ifjor, droppa programfag og har byrja på vg1 på nytt. Sende søknad om å få fritak den fyrste skuledagen, har ikkje fått svar, og det har snart gått over 2 veker. Er det mogleg å få fritak frå kroppsøving på vg1 utan å ha fullført vg2? Og kor lang tid er det meininga at det skal ta før eg får svar fritak? Er ikkje interessert i å gå til timane eg ikkje treng i over ein månad når eg veit at eg har fullført desse faga. Skriv her fordi det er skulestreik.
Svar
Hei:
Rektor kan etter søknad gi elevar i vidaregåande opplæring fritak frå opplæring i kroppsøving. Eleven må leggje fram ei fråsegn frå lege som dokumenterer at opplæringa er til skade for eleven, og at tilpassa opplæring ikkje er mogleg. Rektor si avgjerd er eit enkeltvedtak.
Mvh rådgiver
Besvart: 31.8.2022
Oppdatert: 1.9.2022
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål

