Spørsmål og svar

Mobba på grunn av hudfarga

Gutt, 15

Eg blir mobet får hud fargen min ka skal eg gjøre

Svar

Hei,

Takk for at du tek kontakt med ung.no.

Det er ikkje greit å bli mobba, uansett kva "grunn" folk har til å mobbe. Når mobbinga går imot identitet er det enno verre. Det er ikkje noko nokon skal måtte møte aleine.

Eg går ut i frå at du har snakka med lærarar eller andre ressurspersonar på skulen om mobbinga. Sjølv om det ofte ikkje hjelper at lærarane snakkar direkte med dei som mobbar, kan det hende at det kan vere ein ide at skulen prøver å gjere noko med denne mobbinga på eit meir generelt grunnlag. For eksempel å lage eit opplegg om kva holdningar som fører til mobbing kan føre til om ingen gjør noko med det. Om skulen ikkje veit korleis dei skal prøve å løse problemet kan du be dei snakke med Antirasistisk Senter eller andre organisasjonar som jobbar mot rasisme og diskriminering for å få hjelp til å lage eit slikt opplegg.

Kanskje du har venner som kan seie fra om at det ikkje er greit kvar gong nokon prøver seg på å mobbe deg for hudfarga di. Om du bur på ein liten stad er det kanskje ikkje så mange du kan alliere deg med, men til dømes biblioteka brukar å ha god oversikt over kva for tilbud som finnes i området. Om du bur på ein større stad kan du kanskje finne eit fellesskap der fleire jobbar saman mot rasisme, som til dømes Agenda X, Antirasistisk Senter si ungdomsavdeling i Oslo, eller partipolitiske ungdomsorganisasjonar.

Håpar noko av dette er til hjelp, lykke til!

Beste helsing Antirasistisk Senter i samarbeid med ung.no

Hilsen Antirasistisk Senter i samarbeid med ung.no

Besvart: 25.10.2021

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål