Spørsmål og svar

Eg veit ikkje korleis eg skal komme meg over rasisme

Jente, 16

Kossen kan eg prøve å komme meg øve rasisme? Eg vett at det e noe som kje komme te å bli kvitt i Norge uansett ka me gjør, kor mye me protestere og skrive bøker og snakke om det. Eg føle meg bare så trøtte og lei, eg holde på å bli psykisk gal pga rasismen, e det noe måte eg kan bare ignorere det og slutte å bli så sure? Eg e så lei eg vil nesten grine når eg sitte i timen og når eg e på sosial media og alt annet eg gjør. Flertallet av etniske nordmenn forstår ikke Islam og geografi og da får de bare fortsette å være så dumme som de e, men eg vett kje kass måte eg kan bare la det gå øve.

Svar

Hei,

Rasisme er eit stort problem, både for dei som blir utsett for det og dei som høyrer til reell eller antatt gruppe, men også for heile samfunnet. Sjølv om det kan verke umogleg å bli kvitt rasisme, finnes det heldigvis ting ein kan gjere for å motarbeide rasisme.

Framfor alt er det lurt å hente inn kunnskap. Det er alltid lettare å møte diskriminering og rasisme når ein veit kva ein snakkar om. Du kan til dømes lese på Antirasistisk Senter sine nettsider, og særleg aldrimer22juli.no for å vite meir.

Så er det jo også sånn at rasisme kan vere straffbart. Alt skjer i ein kontekst, og i visse kontekstar er rasisme ulovleg. Det kan du også lese meir om her.

Det er også lurt å alliere seg med andre som også er mot rasisme. Å stå aleine kan vere svært einsamt. Om du bur i eller rundt Oslo finnes det fleire stader du finn andre antirasistar. Ein av dei stadene er ungdomsavdelinga til Antirasistisk Senter, Agenda X. Om du bur ein annan stad i landet kan du høyre med kommunen, sosiallærar, helsesjukepleiar eller bibliotek om dei kjenner til antirasistiske organisasjonar eller grupper i nærleiken. Om det ikkje finnst organisert antirasisme der du bur kan du kanskje gå saman med andre om å starte opp antirasistisk arbeide?

Eg håper noko av dette kan hjelpe, og at du kanskje ser litt lysare på ting.

Hilsen Antirasistisk Senter i samarbeid med ung.no

Besvart: 31.3.2025

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål