Spørsmål og svar

Korleis kan ein ha analsex?

Jente, 17

Hvis eg har analsex, er ikke det jvl ubehagelig og trangt. Elr eg vet det dere med at når man slapper av er det ikke trangt, men uansett. Jordan blir det avslappet?? Og i tillegg, får ikke han drit på penisen sin. For når eg stikk fing opp i rompå, så kjenner eg lsm driten….. ANYWAYS forklaring??

Svar

Hei!

Så fint du skriv til oss på ung.no når du lurer på noko.

Folk liker ulike ting når det kjem til sex. Nokon liker analsex godt, andre synes ikkje noko om det og for nokon kjennes det berre vondt og ubehageleg.

Uansett kva slags form for sex det er snakk om, er det både fint og viktig at ein kjenner etter at ein faktisk har lyst til å prøve. Kjenner ein seg usikker eller veit ein ikkje vil, treng ein heller ikkje å prøve.

Analsex kan gjere vondt om det ikkje skjer på rett måte. Her kan du lese korleis analsex kan skje på ein god måte.

Så lenge ein ikkje har vansker med avføringa si generelt, altså at den ikkje er for laus eller hard, så vil den delen av tarmen ein har analsex i vere tom for avføring. Vil ein kjenne seg heilt sikker, kan ein skylle endetarmen før ein prøver.

Håper svaret var til hjelp for deg!

Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS i samarbeid med ung.no

Besvart: 5.5.2025

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål