Spørsmål og svar

Eg er redd for å ha sex og for at det skal gjere vondt, kva gjer eg?

Jente, 15

Hei ej er ei jente på 15 år som er ikkje er heilt trygg på kroppen min. Liksom ej er redd får å ha sex, ej e redd får a penisen til kjæresten ikkje klare å kome inn, og ej e redd får at det skal gjere vondt. Og tenk om ej skuffa kjæresten min. Og ej har onanert, men då har ej bare massert. Det gjer vondt å ta fingren inn.

Svar

Hei jente 15!

Det er ikkje uvanleg at ein kan gru seg til å skulle ha sex med nokon. Ein kan lure på om ein ser bra nok ut, om kroppen er fin og om ein gjer ein god nok jobb i senga. Alt dette kan gjere at ein spenner seg og ikkje klarer å nyte og kose seg når ein har samleier eller andre former for sex.

For å førebu deg, kan det vere fint å bruke litt tid på å verte kjend med kroppen din og finne ut kva som skal til for at du får deg godt og klarer å slappe av. Her kjem det nokre tips du kan teste ut.

Ein gong du er åleine, kan du kle deg naken og sjå på deg sjølv i ein spegel. Nokon kan synes det er heilt ok å sjå på seg sjølv, medan andre kan trenge å sjå på seg sjølv fleire gonger. 

Når du kjenner det er ok å sjå på deg sjølv, kan du byrje å utforske kroppen din. Kjenn etter kvar på kroppen det er godt å bli tatt på og på kva måte. Nokon kan like å ta på seg sjølv mjukt og forsiktig, andre kan like kraftigere klaps og klyp. Gjer det same med kjønnet ditt. Bruk ein spegel, slik at du får sett alle delane av kjønnet ditt. Prøv ut ulike måter du kan ta på og stimulere deg sjølv.

Prøver ein å ta noko inn i skjeden før den er klar, kan ein kjenne det som svie, smerter og det kan blø litt. Det kan ta alt frå nokre minutt til ein halvtime med stimulering før skjedd er utvida og våt nok til samleie. 

Les gjerne vedlagde artikler for fleire tips og råd. Og hugs; kjenner du deg ikkje klar, er det heilt ok å vente.

Håper svaret var til hjelp for deg.

Hilsen sexologisk rådgiver 

Besvart: 27.2.2019

Oppdatert: 27.2.2019

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål