Eg er redd for at samleier skal gjere vondt, hva gjer eg?
Jente, 15
Hei ej er ei jente på 15år som er bekymret over kroppen min og sex livet mitt. Ej e redd får å ha sex,ej e redd for at peninsen til kjæresten min ikkje kome inn, og ej har prøvd å onanere, men det e bare massering. Det gjer bare utrolig vondt å ta fingrene mine inni mej og når ej prøvde å ta på tampong så gjore det utrolig vondt også. Og ka om det går ikkje bra når ej skal ha sex og kjærsten min blir skuffet, kva gjer ej då?
Svar
Hei jente 15!
Det er ikkje uvanleg at ein kan gru seg til å skulle ha sex med nokon. Ein kan lure på om ein ser bra nok ut, om kroppen er fin og om ein gjer ein god nok jobb i senga. Alt dette kan gjere at ein spenner seg og ikkje klarer å nyte og kose seg når ein har samleier eller andre former for sex.
For å førebu deg, kan det vere fint å bruke litt tid på å verte kjend med kroppen din og finne ut kva som skal til for at du får deg godt og klarer å slappe av. Her kjem det nokre tips du kan teste ut.
Ein gong du er åleine, kan du kle deg naken og sjå på deg sjølv i ein spegel. Nokon kan synes det er heilt ok å sjå på seg sjølv, medan andre kan trenge å sjå på seg sjølv fleire gonger.
Når du kjenner det er ok å sjå på deg sjølv, kan du byrje å utforske kroppen din. Kjenn etter kvar på kroppen det er godt å bli tatt på og på kva måte. Nokon kan like å ta på seg sjølv mjukt og forsiktig, andre kan like kraftigere klaps og klyp. Gjer det same med kjønnet ditt. Bruk ein spegel, slik at du får sett alle delane av kjønnet ditt. Prøv ut ulike måter du kan ta på og stimulere deg sjølv.
Prøver ein å ta noko inn i skjeden før den er klar, kan ein kjenne det som svie, smerter og det kan blø litt. Det kan ta alt frå nokre minutt til ein halvtime med stimulering før skjedd er utvida og våt nok til samleie.
Les gjerne vedlagde artikler for fleire tips og råd. Og hugs; kjenner du deg ikkje klar, er det heilt ok å vente.
Håper svaret var til hjelp for deg.
Hilsen sexologisk rådgiver
Besvart: 27.2.2019
Oppdatert: 27.2.2019
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål