Eg stresser over skule, økonomi, framtid og kranglar med mamma. Kva gjer eg
Jente, 17
Eg klarer ikkje å være glad. Eg stresser over skulen. Vi har ikkje den beste økonomien (er ikkje fattige, er bare relativt "fattige" i forhold til dei rundt meg) så eg har alltid mykje mindre penger enn alle dei rundt meg så eg får aldri finne på noko med dei (f.eks shoppingturar til utlandeg eller gå på restaurant). Ho maser alltid og seie eg må få meg jobb ellers blir eg NAV'er. Eg er så jævleg skulelei eg vurderte å drepe meg sjølv kvar einaste veke i tiende klasse og no hadde eg tenkt å ta friår etter vgs før studie men det får eg ikkje lovt til. Mor mi kjefter på meg for å være lei meg og snakker alltid om korleis alle bare faker depresjon og angst. Ho er heilt imot psykolog og, og meinar at dei gjer folk sjuke. Eg føler at ingenting er gøy, har ingen venner,vil ikkje gå på noko aktivitet og har ei mor eg konstant krangler med og eg vil ikkje snakke med noen fordi at alle helsesøstre eller rådgjevara har alltid bare gjort alt verre. Kva gjer eg?
Svar
Hei, jente på 17 år!
Takk for spørsmålet ditt. Det høyres ut som du er inne i ein vond spiral der du ikkje har det så bra og at det er fleire grunner til det.
Det er ikkje ein god følelse å kjenne seg utanfor å se at ein ikkje kan vere med på det samme som mange andre kan grunna økonomi. Dessverre så er det slik at det er store skilnader på dette frå familie til familie og for mange blir det såpass store økonomiske problem at det går betydelig ut over kvardagen. Økonomi er også noko som kan skape dårlig stemning og uro i ein familie og føre til kranglar og anna. Det høyres ut som det går utover din kvardag i nokon grad - men utan at du vil definere familien som direkte "fattige".
Det høyres ut som du ikkje har ein god kommunikasjon med di mor. Det stemmer ikkje at psykologar som gruppe gjer folk sjukare. Det finns heilt garantert fleire eksempel på at nokon som har gått til psykolog har følt seg verre etterpå av ulike grunnar. Det betyr ikkje at det er normalt at det er sånn. Psykologar har som regel god kompetanse på å møte mennesker som har det tungt, psykiske lidingar og kan hjelpe med å behandle nettopp desse. Det stemmer heller ikkje at dersom ein ikkje får seg jobb som 17åring så blir ein "NAV-er" (altså får økonomisk støtte av NAV). Eg veit ikkje om mora di prøver å skremme deg eller om ho er oppriktig bekymra for dette. Det er jo også slik at du snart blir 18 år og i alle fall er det når du går ut av vgs og då kan ikkje mora di bestemme om du skal ha friår eller gjere noko heilt anna.
Men eg tenker jo også at det kjem litt an på kva du meiner med "friår". Dersom du meiner friår som i å ikkje gjere på noen ting og berre vere heime og dermed måtte få økonomisk støtte av di mor så kan ein ikkje forvente at foreldre skal godta dette. Men dersom du meiner "friår" som i å ikkje studere og i staden ha ein jobb så er jo dette noko som kanskje både kan lette på det at du er så skulelei og også på det at du vil få betre økonomisk fridom til å gjere det du sjølv ønsker ettersom du vil få lønn. Så dette er det jo fint om du og di mor klarer å få ein ordentlig dialog rundt. Nokon gonger er det jo slik at foreldre (eller andre i nære relasjonar) kanskje virker sinte eller irritable når dei eigentleg er redde eller bekymra for korleis ting skal gå. Kanskje er mora di bekymra for at du ikkje skal få jobb eller trivast med det du finn på etter vgs slik at du får det tungt. Slike ting er lurt å snakke om.
Dersom du ønsker å gå til psykolog kan du vurdere det saman med nokon på helsestasjon for ungdom eller fastlegen. Det er gratis for deg å gå til helsestasjon for ungdom, hos fastlegen må du nok betale ein eigenandel sidan du er over 16 år. Det at du skriv at du tenkte på å drepe deg sjølv over lang tid i tiande klasse (sjølv om det er ei stund sidan) tenker eg er alvorlig. Dersom du får det slik igjen er det nok ekstra viktig at du ber om hjelp.
Ønsker deg alt godt!
Med vennlig hilsen psykologen
Besvart: 23.1.2020
Oppdatert: 23.1.2020
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål


