Kan lærarane lage en stor sak ut av snus viss dei ser at eg har det?
Gutt, 15
Hei. Eg snuser og snuse og i timene på skulen. Eg lurer på om lærarane kan laga nokon stor sak ut av snus viss dei ser boksen i lommo mi eller ser den under leppa men eg seier det er tyggis. - Sorry viss det er dumt spørsmål...
Svar
Hei!
Det finst ikkje dumme spørsmål :-) !
Lærarane kan gje deg lågare ordenskarakter viss du brukar snus i skuletida. Dei må sjå snusen i munnen din, eller at du tar han ut og kastar han, for å gje deg merknad.
Du kan finne fram skulereglementet for å sjå om reglane også omfattar det å ha med seg snus på skulen (å ha snusboksen i lomma/ha han synleg). Viss det står at det er forbode å ha snus med seg, vil lærarane også kunne gje deg lågare ordenskarakter for dette.
Elevane kan nekta å opne munnen/vise fram det dei har i lommane. Det lærarane då kan gjere, er å sende ei bekymring til dei føresette om mistanken dei har om at eleven brukar snus/tobakk.
Når skulen startar igjen, kan det vere lurt å be om ein gjennomgang av reglementet, slik at alle veit kva som er forbode, og kva konsekvensane av regelbrot er, og kva lærarane faktisk kan gjere.
Ha ein god sommar!
Vennlig hilsen lærer/rådgiver, ungdomsskole, ung.no
Besvart: 23.7.2020
Oppdatert: 23.7.2020
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål