Høyrer det lovande ut?
Jente, 17
Hei. I sommarferien starta eg å snappa med ein gutt ganske mykje. Me blei på ein måte veldig close for me snakka om litt personlige ting, å me bestemte oss for å møta kvarandre. Me møttes 2 gonga. Han har reist til USA no men han kjem tilbake om 2 månadar. Me kjenne kvarandre ikkje so godt endå syns eg, me hadde ikkje Kjeeempe mykje å snakka om når me va i lag ( fø me såg på film). Men eg syns denna gutten virke som ein veldig fin type allikavell å han e veldig min type eigentlig. Men eg e usikker på om me faktisk passe i lag. No driv me berre å snappe, sidan han e i USA, men eg e usikker på korleis da blir når han kjem tilbake. Skal eg fortsetta å kjøyra på me han? E da vanlig at me kanskje ikkje har so mykje å snakka om i begynnelsen? Han e litt flørtete på snapchat innimellom men me snakke ikkje om so mykje der lenger, da e få gode samtalar liksom, noko som e veldig viktig i eit forhold fø meg at da e. me begge er litt sjenerte typar. Høyres dette lovande ut? (Eg håpe da)
Svar
Hei jente (17)
Dette høyrer lovande ut! Det aller viktigaste er ikkje kor mykje ein snakkar eller kva ein snakkar om så lenge ein har ei god kjensle, og det høyrest det ut som du har.
De snakkar om personlege ting og du får gode inntrykk frå han og han flørtar. Det er heilt vamleg i starten at ein ikkje har så mykje å snakke om eller at det kan vere litt kleint, men det blir betre ettersom de blir betre kjent.
Når de ikkje kjenner kvarandre så godt kan månedar verke veldig lenge, så sjølv om du kjenner det slik no, kan det hende at du eller han har mista interessa når han kjem attende, det kan ein ikkje vite. Eg foreslår at de held kontakten mellom dykk, men at du også er open for at de mistar kontakten dersom det er naturleg.
Derfor: Du kan køyre på og prøve om det fungerar, men også sjå det an. Det er uansett verdt eit forsøk!
Hilsen ungdomsredaksjonen, ung.no
Besvart: 17.8.2020
Oppdatert: 17.8.2020
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål
