Eg er mykje svimmel og har panikkangst
Jente, 14
Veit ikkje kva eg skal ta dette under, men eg lurer på kva grunner kan vera til at eg er veldig mykje svimmel (i det siste har det vert kvar dag). Men har hatt ein del panikk/angst anfall fordi eg har vert veldig stressa i det siste. Føles ut som om eg skal besvima av og til. Kan det vera noko samanheng i det? Håper på svar takk
Svar
Hei
Det kan heilt klart vera ein samanheng mellom at du er mykje svimmel og stressa, og det kan igjen gjera at du blir meir svimmel og uvel. Det å vera svimmel kan gi meir stress, og det å vera stressa kan gjera deg meir svimmel. Og det å ha panikkanfall gir garantert meir stress det òg. Eg vil tilrå å snakka med fastlegen for å finna ut ut om det kan vera noko anna enn angst og stress som gjer at du har det sånn, for det du beskriv kan òg ha andre grunnar. Helsesjukepleiar på skulen din kan òg vera til hjelp med å finna ut kva som er lurt vidare for å få riktig hjelp. Om du får eit panikkanfall, så er det viktig å hugsa at det ikkje er farleg sjølv om det er ubehageleg!
Psykisk helsearbeider, ung.no
Besvart: 3.9.2020
Oppdatert: 3.9.2020
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål

