Spørsmål og svar

Syns de e vanskli å sei til vennene mine at eg ikkje paste i ballkjolen min

Jente, 15

Hei Vi he skoleball om nokre veker, eg har kjøpt ballkjole men mår eg prøvde den hima var den all for liten, får den ikkje igjen èin gang. Har sakt te vennene mine at eg har fått men syns de e vanskli å sei at te dei at eg ikkje paste i den, vil verkeleg ha denne kjolen og, kva gjer eg?

Svar

Hei!

Det er absolutt inga skam å ikkje passe ein kjole du har kjøpt, og det trur eg ikkje venninnene dine kjem til å synast heller. At eit klesplagg er for lite er noko som kan skje med absolutt alle. Tru meg når eg seier det<3

Så, over til det reint praktiske:

Viss du har kjøpt denne ballkjolen på ein butikk, og den finst i større størrelsar, kan du prøve å få bytta han?

Viss ikkje det går an: Kjenner du nokon som er flinke til å sy? Da kan du spørre dei om dei kan sy den litt ut til deg, anten ved å bruke noko av stoffet som allereie er i kjolen, ved å lage ein anna lukkemekanisme på den, eller leggje til nokon små stykker av eit anna stoff som passar stilmessig til kjolen. Søk litt på Internett, det finst mange kule løysningar!

Kan du verken bytte eller sy om kjolen, kan du prøve å selge den vidare. Det kan du for eksempel gjere på Finn.no. Så kan du bruke pengane til å kjøpe ein anna kjole du liker godt. Eg skjønner at det er kjipt om du ikkje kan beholde denne kjolen, sidan du likte han så godt, men det finst andre fine kjolar der ute også;)

Håpar dette var til hjelp!

Hilsen ungdomsredaksjonen, ung.no

Besvart: 14.11.2021

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål