Korleis skal eg slikke dama?
Annet, 17
Hei, Ung.no! Har pult eit par gangar nu, men eg veit ikkje korleis man slikker fitte :( dama blir sur og eg veit ikkje korleis man gjør det. Har dere noken tips?
Svar
Hei!
Så fint du skriv til ung.no når du lurer på noko.
For at ein skal slikke nokon på ein god måte, må ein vite korleis den andre liker det. Folk liker sex og munnsex på ulike måter. Det ein liker godt, vil ikkje den andre like. Og det som kjentes godt ein gong treng ikkje kjennast like godt ein annan gong.
Det betyr at du må snakke med dama og sjekke ut korleis ho liker det. Du må kunne forvente at ho fortel deg korleis ho liker det og kva ho forventer av deg. Og det same gjeld den andre vegen; ho må spørje deg korleis du liker sex og å få munnsex.
Du lurer på om vi har nokre tips. Klitoris er veldig følsom og det kan kjennast veldig intenst ut om ein slikker rett på eller suger klitoris. Det kan derfor vere fint å starte litt forsiktig med å bruke ein eller fleire fingre til å stimulere på sida av klitoris. Om det kjennes bra, kan ein prøve å ta meir direkte på klitoris.
Etter litt kan ein bytte ut fingrane med tunge og lepper. Bruk tunga og la den sirkle rundt klitoris. Nokon kan like det mjukt, andre kan like at ein bruker litt kraft. Det kan og kjennast godt å få ein finger i skjeden samstundes som ein slikker på eller rundt klitoris. Det kan og kjennast godt ut å få slikka dei indre kjønnsleppene.
For fleire tips, kan du sjekke ut denne sida på nrk.no.
Prøv deg fram og sjekk ut undervegs korleis ho liker det.
Håper svaret var til hjelp for deg!
Hilsen Sexologisk rådgiver - NACS i samarbeid med ung.no
Besvart: 4.6.2025
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål