Spørsmål og svar

Kor kan eg finne jobb på arbeidsuka?

Gutt, 15

Hei Eg er ein gut på 15 år og Eg lurer på kor Eg kan finne jobb på arbeidsuka. Eg har ikkje mykje særlig familie som jobber og eg er ikkje interessert i å jobbe i butikk eller restaurant. Har dåke nåken ideer på kor eg kan jobbe

Svar

Du kan spørje om å ha arbeidsuke dei fleste stader. Tenk over kva slags jobbar du synast verker interessante, kan tenkje deg å jobbe med etter skolen er ferdig eller ein jobb du lurer på kva inneber. Har nokon du kjenner ein jobb du interesserar deg for? Finn nokre stader, ring dei og forklar kva arbeidsuka går ut på og kvifor du vil ha arbeidsuke akkurat der.

Det verste som kan skje er at dei du spør ikkje har høve til å ta med ein elev på jobben, men da er det berre å leite vidare til nokon seier ja. Det er slik jobbsøking går føre seg når du etterkvart skal få deg ein sommarjobb eller deltidsjobb: Du må finne ut av kva du kan tenkje deg å jobbe med, og så ringe/gå rundt og høyre om dei stadane vil tilsetje deg.

Det viktigaste er å verke interessert, og seie noko om kvifor du vil ha arbeidsuke på akkurat den arbeidsplassen.

Eg legg ved nokre artiklar under svaret som kan gi litt inspirasjon på vegen!

Helsing frå utdanningsrådgivaren, Ung.no

Besvart: 12.10.2021

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål