Kva kan eg gjere med at eg misser motivasjonen til å gjere lekser?
Jente, 15
når eg e på skolen så e eg veldig innstilt på at eg må gjøre lekser og øve til prøver når eg kommer hjem, men med engang eg kommer inn døren hjemme så mister eg helt motivasjonen. det blir alltid til at eg utsetter leksene lenge og dropper å øve på prøver. ka kan eg gjøre med dette?
Svar
Hei!
Her gjeld det å bryte mønsteret. 
Gjer som følger: 
Lag deg ein plan på søndag. Sett av eit tid kvar ettermiddag til lekser. Fordel leksearbeidet du har, så godt det let seg gjere. 
På måndag gjer du lekser i denne tida. Legg vekk alt som forstyrrar. Når du er ferdig, skal du seie til deg sjølv at du er i stand til å ta kontroll, og at no er du på rett veg. 
Kvar dag, t.o.m torsdag, skal du halde deg til planen. 
På fredag skal du belønne deg sjølv med noko kjekt. Gjenta at no er det du som har kontrollen. 
Gjenta kvar veke.
Ved å gjere dette blir du meir nøgd, og dei slitsomme og negative tankane kjem i bakgrunnen.
Helsing rådgjevar ungdomsskule i samarbeid med ung.no
Besvart: 27.10.2021
Fikk du svar på det du lurte på?
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål