Spørsmål og svar

Bør eg oppsøke lege for problem med alkoholen?

Gutt, 20

Hei! Er ein bra voksen gutt for alderen me stort sosialt nettverk i alle aldra.Høflig og blid til vanlig. Har drukke lenge og når helga kjem og eg fyst drikke drikke eg alle 3 dagane. Gjort da meste man ikkje skal gjer i fylla, og eg greie på ein måte og ikkje stoppe og drikke når helga kjem. Siste no e at eg har vært utro og mista ei som har vært min beste venn i 3 år. Har ingen forklaring på korfor,ho va lyse mitt og me hadde da kjempe fint,forholdet kunne ikkje vært bedre,og eg har aldri ofra ein tanke i mine våkne tilstanda på at ho ikkje e den rette eller at eg va sugen på nåken andre. Men sida eg drikke so mykje uansett når eg drikke og eg ikkje greie og halde meg vekke frå da,meir enn 5 dage når eg e på fri. Er det kanskje lurt og oppsøke legen og få resept på antibus? då eg er ein så lett påvirka person av omgivelsane at eg riv meg med når helga kjem. At eg liksom treng nåke skikkeligt til og stoppe meg. Eg vil ikkje ødelegge meir vennskap,men får ikkje til og stoppe.

Svar

Hei kjære deg.

Det var leit å høre om kva som har skjedd.

Du fortel at du mistar litt kontroll når du drikk og at du har vanskar med å ikkje drikke i helgene.

Når alkoholen byrjar å gå utover forhold, jobb eller helsa, då er det lurt å gå til lege. Siden dette har gått utover forholdet ditt, og du ønsker å endre på alkoholbruken din, så syns eg du bør gå til lege. Eg er samd i at det er ein god ide.

Det er ikke alltid antabusus er den rette behandlinga mot alkoholproblem. Dette kjem an på korleis alkoholproblema er og korleis situasjonen er. Så det kan vere ulikt kva behandling som er rett å setje inn.

Så eg vil berre oppmode deg til å ta kontakt med fastlegen din. Då vil du uansett få hjelp for akkurat DIN situasjon.

Det står uansett respekt av at du først har funne ut kva problemet er, og ikkje minst av at du vil ta tak og gjere noko med det!

Lukke til med alt! Vi heier på deg!

Alt godt! Vennlig hilsen lege, ung.no

Besvart: 16.11.2023

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål