Spørsmål og svar

Eg har blødd i over to veker med nye p-piller, vil det gå over etterkvart?

Jente, 13

Eg har begynt på minipiller desirett for rett over ein månad sidan. Eg begynte første dag med mensen, da hadde eg ein vanleg menstruasjon på 7 dagar. Etter det hadde eg 5 fri dagar uten, men nå har eg blødd i 16 dagar i strekk. Eg har ein lege time om to månadar, men vurderer å slutte nå. Har menssmerter og synest det er slitsamt. Er dette noko som vil gå seg til eller kan eg like greitt slutte nå. Lurer også på om humørsvigningene som kommer er på grunn av pillene eller berre på grunn av mensen.

Hei!

Takk for spørsmålet du har sendt.

Det er kjent at ein kan blø noko uregelmessig dei fyrste tre månadane når ein startar opp med nye p-piller. Dette gjeld også for Desirett.

Derfor vil eg råde deg til å prøve å bruke p-pillene i 3 månadar for å sjå om blødningane blir mindre og sjeldnare. Ofte vil dei fleste oppleve at det blir betre og at dei etterkvart får ein meir regelmessig blødning.

Det er samstundes ikkje godt å måtte blø så lenge og eg forstår at dette kan vere plagsamt og vanskeleg.

Det er også nokon som opplever humørsvingningar når dei startar opp på p-piller. Om dette kjem på grunn av p-pillene og blødningane du har kan eg ikkje svare deg konkret på. Dette fordi humørsvingningar også kan vere heilt normale variasjonar i livet og i din alder.

Dersom du opplev at dette plager deg mykje kan du spørje om du kan få legetimen før det har gått 2 månadar.

Håper noko av svaret kan vere til hjelp.

Lykke til!

Helsing helsesjukepleiar, ung.no

Besvart: 26.2.2023

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål