Kan vi bli saman att?
Jente, 17
Hei, exen dumpet meg eit halvt åt tilbake og nå begynner han å si han savner meg mer og mer for kver dag. men nokre dager ignorere han meg fullstendig menst andre svarer han og er intressert i prate med meg. og eg bil ikkje få opp forhåpningene mine fordi eg vil ikkje bli skuffa igjen. eg savner han så ekstremt og eg trur vist vi hadde prøvd på nytt at det ville ha blitt veldig bra for oss begge. vi kjenner kverandre betre nå selv om vi hadde vert sammen i over eit år og kjemt kverandre i ocer 2 år. Men kva skal eg gjøre for at han skal ta det valget?
Svar
Hei! Eg forstår godt at dette er ein vanskeleg situasjon å stå i. Dette er ein person du er veldig glad i, og som du har lyst til å få det til med, men som du også har prøvd å komme deg over lenge.
Akkurat no saknar han deg, og det verkar som at han sender deg ulike signal. Av og til er han på, og vil ha deg. Andre gonger føler du deg ignorert. Det er slitsamt å bli behandla slik, og det gjer deg usikker.
Det er absolutt mogleg å finne tilbake til kvarandre og bli saman att, men det må skje på dykkar premiss.
Ver open om at du føler du får ulike signal frå han, og at dette gjer deg usikker. Be han avklare kva han eigentleg vil, og om han er klar for å prøve att. Kva treng du frå han til å stole på han att?
De må ha ein open dialog om behov og kva ein vil. Dersom de ikkje er klare, er det nok best å ha mindre kontakt, slik at de ikkje vert usikre på kvarandre.
Lykke til!
Hilsen Ungdomsredaksjonen, ung.no
Besvart: 20.10.2022
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål