Spørsmål og svar

Korleis bli kvitt irriterande venninne?

Jente, 15

Ei he ei venninde, vi he våre venna sida barnehage. Vi havna i samme klasse på us å no ska 10snart begynde. Vi he altid våre gode venna men føle vi sklir i frå. Ho e so iriterandes, svara aldri ho trur ho e toppen av allt å når ei begynde å henge me andre so stjele ho faen mei dei me på en måte. De e so jævli iriterandes kan ho ikkje finne egne. Ei orka ikkje siste åre me ho kordan bli kvitt ho for godt??

Svar

Hei!
Eg skjønar godt at du kan bli lei ei venninne og at du ikkje har så mykje att for ho når ho ikkje behandlar deg godt og det kjennest som at ho stel venner frå deg.

Det er heilt vanleg at vener glir frå kvarandre når ein blir eldre. Ein får forskjellige interessar og ein blir modne i ulik takt. Det er heilt ok at ein vel å ta avstand frå ein ven ein ikkje har så mykje til felles med lenger.

Vær rundt dei som gir deg energi og som gjer deg glad. Dersom denne venninna ikkje gir slepp kan du snakke med ho om det. Fortel at det kjennest som at de har glidd frå kvarandre og at du gjerne vil ha litt avstand frå ho.

Det er vanskeleg å «slå opp» med ein venn, men det er ikkje eit sunt vennskap om ein held fram utan å ta vare på det. Forklar kva som ikkje fungerer, enten så kan de jobbe med å forbetre det, eller så kan de ha tid frå kvarandre.

Å være litt unna kvarandre kan vere bra for å finne ut om de kan bli venner seinare, eller om de kanskje har det betre frå kvarandre.

Lykke til!

Hilsen Ungdomsredaksjonen, ung.no

Besvart: 8.7.2022

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål