Spørsmål og svar

Kva gjer eg på familieselskap hjå noken eg ikkje kjenner?

Jente, 15

Hei. Eg har en veldig god venn av meg som er britisk og eg har blitt invitert på julefeiring med hun og hennes familie på 1.juledag.eg gleder meg veldig men et også veldig nervøs. Hva om eg plutselig ikkje klarer å snakke engelsk eller eg gjør noe feil som gjør at familien ikkje liker meg lenger? Og eg tror det er vanlig i England å gi noe til de som holder besøket, men hva??! Skal eg ha det? Og i så fall hva?? Og skal eg ha med en gave til familien ? Eg har gitt gave til henne men skal eg gi takk for at eg fik komme gave til foreldrene ?? Tror det er sånn vanlig folkeskikk i England men er så usikker

Svar

Hei! Beklagar at du får svar seint, men eg håper det gjekk greit på besøk!

Eg forstår godt at du er nervøs når du skal møte en ny familie og du er usikker på korleis dei gjer det i sin kultur.

Hugs at du kan lene deg på venninna di, og det er heilt greit å vere ærleg om at dette er litt nytt for deg. Spør ho om kva som er vanleg når foreldrene hennar får besøk.

Det er kjekt om du tek med ei gåve, men det er absolutt ikkje nødvendig. Det kan vere ein blomst, eller gode oljar eller pålegg. Spør gjerne venninna di kva dei liker.

Dei er også heilt sikkert vande med at mange nordmenn ikkje er så gode i engelsk. Det gjer ingenting om du seier noko feil, eller ikkje snakkar perfekt. Dei veit jo at du er venninna til dotter deira, og at du derfor er ein bra person. Hugs at foreldre også har vore unge ein gang, og dei veit godt korleis det kjennest å vere nervøs.

Hilsen Ungdomsredaksjonen, ung.no

Besvart: 28.12.2023

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål