Spørsmål og svar

Eg føler meg ofte stygg og irriterande, piller på hud, tegner++

Jente, 13

Hei. Eg merker at eg fikler veldeg mykje det er foreksempel pilling av hud rundt negler, hopper med foten når eg sitter, tegner i skulebøkene, snurrer på ringer, eller fikler eller ødelegger blyanter. Har det noke med at eg gurar meg veldeg veldeg mykje masse, overtenking eller at eg er redd for å ikkje passe inn. Eg er også veldeg usikker på meg sjølv og føler meg ofte stygg og irriterende.

Svar

Hei du!

Så fint at du tek kontakt.

Det du beskriver kan absolutt vere teikn på uro. Det at du gruar deg mykje fører nok til ein del uro/nervøsitet. Når vi er nervøse og urolege er det lettare for å fikle med hender, negler, hår og liknande. Dersom du ønsker å slutte med dette kan det vere lurt å gjere noko når trangen til dette melder seg. Eit eksempel kan vere at dersom du merker at du får trang til å pitle på hud rundt negler så kan du klipe saman hendene (knytteneve) i minst 60 sekund (tell ned) og gjer det heilt til trangen til å pitle/bite er blitt litt meir vekke. Etterkvart vil den verste trangen gje seg/gå over.

Det er vondt å kjenne på at ein ikkje veit om ein passer inn og å føle at ein er stygg. Ofte handler dette om at ein er usikker på seg sjølv og kanskje har vanskar med sjølvfølelsen sin - altså relasjonen ein har til seg sjølv. Det kan vere lurt å øve seg på å la seg sjølv vere i fred - altså at du får vere den du er og ikkje prøver å endre på det. Du kan så ha fokuset ditt utover på kva andre seier, gjer og meiner og så forsøke å vere meir merksam på det heller enn å gå inn i tankar som "ser eg dum ut no, blir dette teit, er det nokon som tenker noko stygt om meg, ser eg stygg ut..osv". Vi får aldri vite kva andre tenker likevel så det kan vere lurt å tåle at dette veit vi ikkje. Hugs også at andre har meir enn nok med seg sjølv og er ikkje så opptatt av deg. Det er du som er opptatt av deg og andre av seg.

Ha fokuset ditt utover og tilbring tid med personer som er glad i deg og som du er glad i. Forsøk å vere grei med andre og ta initiativ til samtale dersom du klarer det. Eit "hei" på morgonen kan vere viktig både for deg sjølv (øve deg på å ta initiativ til kontakt) og for andre som kanskje ønsker/trenger at noen tar initiativ.

Eg ynskjer deg berre det beste. Lykke til!

Med beste helsing frå psykologen

Besvart: 3.6.2024

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål