Kvifor fekk eg plutselig lyst til å stjele noe eg har råd til?
Gutt, 13
Hei, eg lurte på om kvifor eg plutselig fekk lyst til å stjele ting som eg enkelt får råd til, det begynte med bare småting under 100kr men i det siste har eg tatt mer og mer og selv om tingene ikkje er så dyre blir det mye etterhvert. Eg trenger ikkje tingene heller og eg kjøper det ofte men eg bare føler att eg må gjøre det. Eg har ADHD og ODD men eg tror eg har heller CD. Kva skal eg gjøre og vet du korfor eg føler det slik? (Svar pls)
Svar
Hei du!
Så fint at du tar kontakt når du lurer på noko.
Det er ikkje så enkelt å vite akkurat kva som ligg bak dette for den enkelte men eg kan svare litt generelt for kva det typisk kan dreie seg om.
For nokon kan dette handler om spenningssøking. Altså at ein søker noko som gir spenning og adrenalinrush i kvardagen. Vi mennesker ønsker oss ofte noko som gir følelse av "liv" og intensitet. Dersom ein kjenner seg rastlaus eller kjeder seg kan ein typisk søke seg inn i noko som bryt med dette. Nokon går då inn i slike "risikofylte aktiviteter" som f.eks stjeling, køyre for fort med bil, ruse seg eller anna som egentlig ikkje er bra men som kan friste på kort sikt.
Det kan for nokon også handle om ønsket om kontroll over kvardagen - altså at ein prøver å kontrollere noko dersom ein har ein kaotisk og oversiktlig situasjon i livet. Ein kan gjerne søke "makt" over ein situasjon fordi det er ein sjølv som kontrollerer om ein velger å stjele noko eller betale for det på vanleg måte.
Andre kan gjere ulovlege ting som å stjele som eit uttrykk for låg sjølvfølelse og ein slags straff eller uttrykk for at ein "fortjener" å gjere noko dumt. Personen kan då føle ein indre tomhet og ønske å svekke seg sjølv på ein ubevisst måte. Det blir på ein måte sin slags sjølvsabotasje dersom det gir meining. Det kan vere som at ein ikkje er verdig det ein har egentlig råd til og dermed heller nedverdiger seg sjølv til å stjele det sjølv om ein veit det er ulovleg og feil.
Det kan også sjølvsagt omhandle at du ønsker å tilpasse deg ein gjeng eller andre dersom du er med fleire som stjeler eller gjer ulovlegheter. Då kan ein henge seg på for å vise at ein sjølv også kan vere med på "ulovlegheiter" og dermed er med i gjengen. Men om det er slik for deg kjem ikkje fram i det du skriv.
Andre igjen er meir impulsive enn andre og kan gjere ting som føles spennande der og då men som ein kanskje glømmer å tenke konsekvensane av. Då kan det vere viktig å minne seg sjølv på at det er både pinleg og skamfullt å bli tatt for stjeling. Ein kan føle seg veldig liten og dum då - så det er lurt å stoppe seg sjølv før ein gjer slikt.
Det fyrste steget vil nok vere at du tenker gjennom kva dette handler om for deg. Kva er det som fører til at du får denne trangen? Så kan du minne deg på kor dumt det vil føles å bli tatt for dette. Du bør så jobbe med impulskontrollen og ikkje gjere dumme ting på ein forhasta måte. Mange som har ADHD kan streve litt meir med impulskontroll enn andre så det er viktig å vite om eigne sårbarheter og korleis å jobbe med desse. Dersom du treng nokon å snakke med om det du opplever kan du fint oppsøke helsesjukepleiar på skulen eller helsestasjon for ungdom der du bur.
Eg ynskjer deg masse lykke til!
Med venleg helsing psykologen
Besvart: 8.11.2024
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål