Spørsmål og svar

Eg he nok sosial angst. Kan det å slite med øyekontakt ha noe å si?

Jente, 14

Eg he nok sosial angst og det he vært et stort problem d sista året men kan det ha vart lenge elr har d noe me siden i 4. klasse var eg redd for å rekke opp hånda for å svare på ting i timen og læreren synes det var et problem at eg ikke kunne ha øyekontakt? Kan dette ha noe med at eg sikkert he sosial angst?

Svar

Hei du!

Du tenker at du har sosial angst og lurer på lenge det kan ha vart. Det er ikkje så lett for oss i ung.no og vite noko om det.

Du fortel at du har vore engstelig for å ta opp handa i klassen sidan 4. klasse og dette handlar gjerne om at ein er redd for å svare feil, virke nervøs, seie noko "dumt", bli vurdert negativt, rødme, skjelve i stemma eller på andre måtar vise at ein er ukomfortabel. Dette fører gjerne til at ein trekk seg meir og meir unna det sosiale ettersom ein blir meir og meir opptatt av å ikkje gjere noko "feil" eller få oppmerksomhet sosialt. Så det er ikkje uvanleg at det å bli sosialt engsteleg startar på ein sånn måte.

Det er også vanleg å streve med å ha augekontakt dersom ein er sosialt engsteleg. Då vil ein på ein måte gjerne "gøyme seg" og ikkje bli sett på av andre. Så problemer med augekontakt kan absolutt også vere ein del av bildet når ein har sosial angst.

Dersom du tenker at du har sosial angst av ein slik grad at det går utover din daglege fungering så kan det vere lurt å be om hjelp. Dette gjer du ved å gå til fastlegen din i fyrste omgang saman med foreldre. Du kan også gå aleine til helsesjukepleiar men der kan du ikkje få henvisning vidare dersom du har behov for å komme til psykolog/BUP.

Det er uansett lurt å seie ifrå til nokon voksne slik at du får hjelp til å få det bedre med det du strever med.

Ønsker deg alt godt!

Med beste helsing psykologen

Besvart: 15.8.2022

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål