Spørsmål og svar

Eg er tilkallingshjelp. Kan eg ha rett til fast stilling?

Jente, 20

Hei, eg har nå jobbet på eit Apotek siden 2018. Eg er ansatt som ekstra hjelp/tilkallings hjelp. Men eg har faste vakte kvar einaste veke å jobber egnet veldig mye pr veke og. Å det har eg gjort side eg begynte i 2018. Men nå skal me ansette 2 nye ekstra hjelp. Så eg er redd for at dei skal ta i fra meg vaktene eg har hatt i fleire år nå. Så mitt spørsmål er om eg har noe rettigheter på å bli fast ansatt med fast prosent kvar mnd, så eg er jarfal sikra til å få vakter. Eg er medlem i fagforbund.

Svar

Hei

Som tilkallingshjelp er du ikkje fast tilsett i ei deltidsstilling, men tilkallast ved behov. Det vil seie at du vert midlertidig tilsett som tilkallingsvikar kvar gong dei ringer. I slike tilfelle har du i utgangspunktet ikkje krav på å få vakter. Men sjølv om du er tilkallingsvikar står du likevel ikkje heilt utan retter.

Som hovudregel skal arbeidstakarar tilsetjast fast.

Arbeidsgivarar kan kun tilsetje nokon midlertidig dersom eitt av vilkåra i arbeidsmiljølova § 14-9 er oppfylt. Tilkallingsvikarar kan til dømes brukast dersom det oppstår behov for hjelp som verksemda ikkje kan planlegge for på førehand.

Midlertidig tilsette kan nokre gonger ha krav på fast tilsetting. Dersom ein arbeidsgivar har eit permanent behov for ekstrahjelp, for eksempel til faste helgevakter, skal dei tilsetje i faste deltidsstillingar. I slike tilfelle vil altså ikkje arbeidsgivarar kunne bruke tilkallingsvikar, men skal i staden tilsetje fast.

Dersom du har vore tilkallingsvikar/ekstrahjelp samanhengande i meir enn fire år, har du i tillegg krav på fast tilsetting ifølgje arbeidsmiljølova § 14-9 (7).

Du kan du lese meir om dette på temasida vår om midlertidig tilsetting.

Fagforbundet ditt kan hjelpe deg i saker som dette, dvs. dersom du har spørsmål eller treng hjelp angåande tilsetting. Vi vil derfor råde deg til å kontakte fagforbundet for vidare hjelp i saka.

Med hilsen Svartjenesten i Arbeidstilsynet i samarbeid med ung.no

(Vær oppmerksom på at vårt svar i denne tjenesten kun er veiledende kortinformasjon. Har du flere spørsmål om arbeid kan du også ringe Arbeidstilsynet på tlf: 73 19 97 00)

Besvart: 16.8.2022

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål