Spørsmål og svar

Har trang forhud, men krem verkar ikkje. Bør eg ta operasjon?

Gutt, 18

Hei, jeg har trang forhuden og får ikke dratt fram kukhodet, børr eg ta sånn operasjon der dei kutter? Hvordan fungerer det, eg fekk ein sånn krem som eg skulle smøre me men det funker ikkje, også då sa dei at eg kunne operere eventuelt. Syns det er veldig flaut og koss blir tilsendt ittepå då eventuelt? Siste spørsmål er om det er vondt for damå under samleie at jeg ikke har framme kukhodet?

Hei!

Ved trang forhud er det slik at ein som regel først prøver med ein sterk steroid-krem. Dersom det ikkje verkar, vil ein ofte anbefale operasjon.

Eg kan ikkje seie noko sikkert om korleis dette vil bli hos akkurat deg, og om du bør ta operasjon eller ikkje, når eg ikkje har undersøkt deg. Så - dersom kremen du har fått ikkje har hjulpe, bør du gå tilbake til legen din. Legen din vil gje deg svar for akkurat din situasjon, og anbefale det som er best for deg.

Så eg kan kun fortelle om kva som er vanleg.

Dersom krem ikkje har hjulpe, blir ein oftast henvist til eit sjukehus. Der opererer dei som regel trang forhud poliklinisk - det betyr at ein opererer og blir sendt heim etter nokre timar. Ein blir ikkje innlagt på sjukehuset.

Det fins litt ulike måtar å operere trang forhud på - ta bort heile forhuda, deler av den, gjere eit snitt/kutt for å opne opp osv. Korleis det blir etterpå, avheng av korleis nøyaktig ein har operert. Og det er litt ulikt frå person til person også.

Men ein må nok vente seg at penis hovner ganske mykje opp, den kan sjå ut som “eit blåmerke”, der penis er blå, lilla osv. Det kan også være hovent og ganske vondt den første tida. Verst er det helst dei første dagane, og så mindre og mindre vondt dei første vekene.

Men ein hevelse, misfarging og smerter er vanlig dei første vekene. Det kan særleg gjere vondt den første tida når ein får (ufrivillige) ereksjonar f eks. Ein kan ikkje ha sex eller onanere dei aller første vekene. Ein har ofte på ein liten bandasje, og bør ha lause bukser for å unngå press og smerter på penis.

Men du bør spør din lege kva dei forventer. Då kan du få svar som passar for akkurat din situasjon.

Så spør du om det gjer vondt for kjærasten under sex. Det kan eg ikkje svare på. Det spørs nok veldig på korleis din penis er. Men skjeden kan utvide seg ganske mykje. Så så lenge ein bruker tid til vorspiel og til at jenta blir kåt (og dermed våt), går det ofte greit. Men - her bør du spørre dama di. Då får du vite det heilt sikkert.

Det med trang forhud og ting som har med penis å gjere, kan vere flaut å snakke om. Men - hugs at trang forhud er veldig vanleg i din alder (og blant eldre menn også). Legane veit dette, og dei er veldig vante med å snakke om trang forhud og å behandle og operere det også. Så det reng ikkje vere flaut.

Ein treng ikkje seie det til folk om ein ikkje vil - det er du som bestem kan du vil fortelle. Men det kan kanskje vere greit å seie det til dei aller nærmaste, sidan ein må ta det litt mer ro og vere truleg sjukmeldt dei første dagane.

Dersom ein ikkje vil fortelle alt til alle, kan ein f eks seie at ein har operert noko i lysken eller noko heilt anna. Det viktigaste er at du fortell berre det du sjølv er komfortabel med.

Lukke til!

Alt godt! Vennlig hilsen lege, ung.no

Besvart: 9.10.2026

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål