Eg skjegler. Korleis kan eg finne lege og få ein trygg operasjon av det?
Jente, 16
Hei, eg skjegler og må bruka briller, men eg kan skjegla ein gong i blant for da om, eg høyrte om ei auge opperasjon for å bli kvitt da. Eg orker ikkje å høyra at ingen bryr seg om da, eg bryr meg. Eg bryr meg veldig om da heilt sidan eg var bitte, bitte litan. Men tingen er at eg høyrte at da er veldig risikabelt og at nokon ser dårlegare etter da, mens andre ser betre og i tilegg slepp å bruka briller. Kan eg få hjelp til å finna ein lege som kan gjera da på ei trygg måte, eg fann ikkje ut av kva operasjonen heiter på norsk men den heita "Lasik Surgery" på engelsk. Takk, mvh ein anonym jenta. ❤️
Svar
Hei kjære deg.
Lasik surgery er ein slags laser-operasjon for å korrigere synet - altså endre synsstyrka. Synsstyrke - om ein er langsynt/nærsynt osv - kaller ein ofte brytningsfeil, på fagspråket. Så Lasik kan hjelpe om ein er nærsynt/langsynt.
Nokre gongar er det brytningsfeil som gjer at ein skjeglar. Andre gonger er det litt meir komplisert, eller andre årsaker. Men det er BERRE der skjeglinga kjem av brytningsfeil, at ein laser-operasjon hjelp.
For elles kan ein Lasik-operasjon faktisk forverre skjeglinga også. Så her må ein få ein grundig vurdering for å vite OM ein kan operere, og i så fall korleis.
Det er altså sjeldan ein bruker Lasik-operasjon mot skjegling. Det ein heller gjer, er å flytte litt på auge-musklane, slik at augene står meir "likt" og ikkje skjeglar. Det er augelegar som undersøkjer og avgjer behandling av skjegling. Ein må ha henvisning /tilvising frå fastlegen, for å kome til offentleg augelege.
Så du kan starte med å gå til fastlegen. Der kan du få hjelp vidare, til dømes med henvisning til augelege. Det er i så fall augelege som avgjer om, og korleis, ein bør behandle skjeglinga di.
Det blir viktig, når legane skal vurdere kva behandling du bør få, at du fortel dei kor mykje og lenge skjeglinga har plaga deg. Det er noko dei skal ta omsyn til.
Ps. Eg legg ved artikkelen om å ha annleis utsjånad. Ikkje fordi ein har det ved skjegling - men mykje av tankane kring det, kan vere dei same.
Alt godt! Vennlig hilsen lege, ung.no
Besvart: 25.2.2026
Vi har valgt ut dette for deg
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål

