Spørsmål og svar

Kan eg bruke laser når eg står på Isotretinoin?

Jente, 16

Eg går på iso-tretionin å har noen spørsmål. Eg vet jeg burde spør hudlegen min om dette, men på grunn av angst tørr jeg ikke. Kan jeg bruke ipl-laser hårfjerning hjemme? Eg sliter og med å veldig tørr i kjeden som påverkar mitt sexliv. Eg har prøvd mange glidemiddel men ingen funker bra. Eg har brukt babyolje for det funker best, men har hørt man ikke skal bruke dette på grunn av infeksjon osv. har dere noen tips på hva jeg kan bruke? Kan eg laminere bryn hjemme?

Svar

Hei kjære deg.

Du står på Isotretinoin (iso) og har nokre spørsmål.

Vi her på ung.no kan ikkje stille diagnoser, og eg kan ikkje svare på kva som gjeld for akkurat din situasjon. Då må du spørre legen din. Men eg kan svare generelt:

Ein bør unngå laser (og kjemisk hudpeeling) når ein står på iso. Dette fordi huda er svært tørr og sensitiv på iso, og det er større fare for arr og varig misfarging av huda, om ein tek slik sterk behandling medan ein står på iso. Så du bør altså ikkje bruke ipl-laser nå, og ikkje før 5-6 månader etter at du er ferdig med iso-behandling!

Det er ikkje uvanlig å bli tørr i skjeda når ein tek iso. Så det kan vere årsaka, om du fekk dette etter du starta med iso. Det beste er nok å prøve glidemiddel, da dei er laga for skjeden.

Ein kan også prøve noko som heiter Replens. Det får ein reseptfritt på apotek og det kan gi fukt til tørre slimhinner. Spør på apoteket og følg alltid pakningsvedlegget.

Ellers kan ein prøve med til dømes reseptfrie melkesyrekapslar frå apotek (spør der).

Du spør om babyolje. Det kan ein bruke i skjeden, men det tørkar fort ut, og då må ein heile tida tilføye meir. Så det kan nok gjere at ein kjenner seg berre tørrare. Men det er ikkje farlig for skjeden. Ver obs på at babyolje kan øydelegge kondom, så det må ikkje brukast under samleie med kondom!

Så eg tilrår heller Replens, eller at ein prøver melkesyrekaplar - eller at du prøver å finne eit glidemiddel som funkar.

Men du kan godt snakke med legen din om dette! Mange slit med tørr skjede når dei tek iso, og det er lurt å få hjelp.

Du spør om laminering av bryn. Nå kjenner jeg ikkje til dette i detalj (eg er ikkje hudpleier). Men eg trur nok at laminering av bryn inneber ei for sterk behandling av huda, for dei som står på iso. Eg trur slik laminering vil innebere ei fare for hudskadar som arr og varig misfarging. Så ein bør nok unngå slik brynbehandling i 5-6 mnd etter at ein er ferdig med iso.

Så håper eg at du får hjelp, dersom du er mykje plaga med angst. Du kan snakke med både lege og helsesjukepleiar om dette.

Alt godt! Vennlig hilsen lege, ung.no

Besvart: 20.3.2024

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål