Spørsmål og svar

Kva må eg velje på vidaregåande for å bli ortopediingeniør?

Jente, 15

Hei, eg ønsker å bli ortopediingeniør pg eg finner ikke ut på nettet hva linje eg må gå for å bli det. Eg håper dekko kan svare ganske durekte og hva jeg spør etter. Så om dekko vet om nåkken skuler i bergen som har den linjen eg eventuelt må gå for å bli då ortopediingeniør🥰

Svar

Hei du, og takk for spørsmålet ditt!

Eg skal prøve å svare så direkte eg klarer, men viss du ikkje skjønner svaret, så håpar eg du kontaktar oss i Karriereveiledning.no på chat eller telefon, så skal vi forklare på ein betre måte!

Grunnen til at du ikkje finn linja for å bli ortopediingeniør på vidaregåande, er fordi utdanninga ikkje finst på vidaregåande, men på universitetet.

For å bli ortopediingeniør du studere bachelorutdanning i ortopediingeniørfag.

For å kunne søkje på dette studiet, treng du generell studiekompetanse og desse realfaga: Matematikk R1, Matematikk R2 og Fysikk 1.

For å få det kan du velje alle linjene på vidaregåande, men nokon er litt meir "rett fram" enn andre:

  • Studiespesialisering: den "enklaste" vegen, fordi på denne linja får du både generell studiekompetanse og realfaga (du kan velje desse det andre og tredje året), som er akkurat det du treng for å søkje på ortopediingeniør.
  • Du kan også ta ein av dei andre fire studieførebuande linjene, men då bør du sjekke om skulen tilbyr realfaga du treng. Om det er mogleg å ta faga i staden eller i tillegg til faga du elles har, kjem an på om skulen har faga, og om det passar med timeplanen din. Dette er noko du må sjekke med skulen!
  • Du kan velje ei av dei ti yrkesfaglege linjene. Etter dei to første åra, eller etter du har teke fagbrev, må du ta påbygging til generell studiekompetanse. Då får du generell studiekompetanse. I tillegg til dei faga alle andre tek, må du då ta realfaga du treng for å søkje på ortopediingeniør.
  • Uansett veg: Viss skulen du går på ikkje har realfaga, kan du ta faga som privatist anten medan du tek vidaregåande eller etterpå.

    Med andre ord, så kan du gå kva linje som helst på vidaregåande for å søkje på ortopediingeniørstudiet etterpå. Men: det er litt ulike vegar til målet.

    Viss du er usikker på kva du skal velje, så kom gjerne innom Karriereveiledning.no for å snakke med ein karriererettleiar om dette. Det er gratis og du er anonym.

    Håpar dette gjorde deg litt klokare!

Med vennleg helsing

Karriereveiledning.no, i samarbeid med ung.no

Besvart: 6.11.2024

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål