Eg sliter veldig med rødming. Kva hjelp kan eg få?
Jente, 17
DeHei, Eg sliter veldig med rødming. Det forekommer fleire ganger til dagen, og det er nok at noen seier "Hei" til meg, så opplever eg rødming. Hvis eg må snakke høyt i klassen er det garantert at eg starter å rødme. Eg har prøvd å ikkje tenke på det, sei til meg sjølv at det ikkje er noko å være redd for. Eg har også prøvd å tenke at det egentlig ikkje er så synlig. Men det er det. Alle som ser meg rødme prøver å ikkje reagere, men det er jo tydelig at dei ser det. Kanskje dei prøver å skjule latteren sin, eller som vennene mine ofte seier "Nå rødmer du". Dette påvirker meg sosialt. Eg leste svaret på eit anna spørsmål om rødming der det sto om behandling: "psykologisk atferdsterapi (kognitiv atferdsterapi). Noen prøver hypnose.". Så det eg lurar på er: Kva er psykologisk atfrdsterapi, og hvordan fungerar dei to nevnte behandlingsmetodene? Og viktigst: Kor kan man gjere dette? Hilsen ei jente som sliter
Svar
Hei, jente på 17 år!
Takk for spørsmålet ditt.
Rødming
Du forteller at du har store problemer med rødming. Det høyres ut som om dette tar mykje fokus hos deg på skulen og at dette er slitsomt for deg. Eg trur gjerne at du overvurderer kor mykje dei andre legg merke til deg og din rødming. Du skriv at du har prøvd å seie til deg sjølv nettopp dette men at du tenker at alle andre "prøver å ikkje reagere". Du kan forsøke å spørre deg sjølv kvifor dei andre skulle vere så opptatt av deg og din rødming. Hugs at alle andre har som regel meir enn nok med seg sjølv. Alle mennesker er i sentrum for si eige merksemd akkurat som du er det for deg sjølv. Alt det som du kjenner på når du rødmer har dei ikkje tilgang til. Dei kan kanskje sjå at huda di forandrar seg litt i farge - men dette også vil gjerne vere mykje mindre synleg enn ein sjølv trur. Mange som slit med til dømes sosial angstlidelse og som har rødming som det dei er aller mest opptatt av å skjule vil gjerne overvurdere kor raude dei blir - kor synleg dette er - og kva som er konsekvensen av at andre ser dette.
Det som fungerer for mange for å redusere rødmingens "makt" over situasjonen er å øve seg på å la kroppen sin vere "i fred". Med dette meiner eg konkret at du kan øve deg på å la alt det som skjer i kroppen din (inkludert rødming) skal få lov til å vere der. Samtidig kan du øve deg på å flytte fokuset ditt UT. Når du kjenner at du rødmer skal du berre la det vere der, la kroppen vere i fred, la rødmningen vere i fred og så flytte fokuset ditt utover. Med "utover" tenker eg på alt som skjer i rommet. Fokus på dei andre i klassen, fokus på læraren, fokus på lydar rundt deg, fokus på lukter, fokus på andre sanseinntrykk. Dette er lurt fordi det er ofte slik at dersom me forsøker å kommandere kroppen til å slutte å rødme så vil det som regel berre bli verre. Dette fordi ein gjerne kjem inn i ein vond sirkel. Dette gjelder forsåvidt alle kroppslege reaksjonar. Ved å fokusere på at rødmingen skal ta slutt blir ein gjerne meir flau/stressa og dette fører til meir rødming. Ved å la rødmingen komme - flytte fokuset ut - vil dette gjerne lette rødmingen på sikt.
Behandlingsmetoder
Når det gjelder hypnose så kjenner eg dessverre ikkje til dette i forhold til rødming så får ikkje svart deg på dette.
Kognitiv atferdsterapi omhandler å utforske tanker og atferd knyttet til situasjonen man er i. Ein utforsker kva tankar som ligg bak. Så øver ein seg gjerne på å oppføre seg (endre atferd) på andre måtar i same situasjon. Du kan sjå denne videoen der dei bruker kogntiiv atferdsterapi for å hjelpe personar med sosial angst. Desse er ofte redd for å avsløre symptomer på at dei er redde - til dømes rødming, skjelving, svetting, stamming og så vidare.
For å få hjelp kan du snakke med helsesøster på skulen, helsestasjon for ungdom eller fastlegen din. Alle desse stadene kan du diskutere ditt problem og forsøke å finne ut om du treng ein viderehenvisning til psykolog. Psykologar kjenner som regel godt til kognitiv atferdsterapi!
Masse lykke til.
Med vennlig hilsen psykologen
Besvart: 17.2.2019
Oppdatert: 17.2.2019
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål