Føler høgt karakterpress, kva gjer eg?
Gutt, 15
oHei eg føler det er så høgt pres med karakterer. All sier til meg å du må ha høye karakterer for å komme inn der du vil. Å så blir eg så stresset å dette er år eg skal søke vgs 1. Eg tru karakterene min er for dårlige til å komme in på den skule eg vil. vet ikkje ka eg skal gjøre.
Svar
Hei!
I kva grad ein må ha høge karakterar for å kome inn på ei utdanning varierar ein del. Det er ikkje sikkert at det ser så mørkt ut som du trur.
Det første du bør gjere er å prate med rådgjevaren på skulen din om dette. Han kan seie litt om korleis det har vore tidlegare år for den utdanninga du har mest lyst til. I tillegg er det lurt at de pratar om kva som kan vere eit godt andreval for deg. Viss ein ikkje kjem inn på førstevalet, er det gode sjansar for å kome inn på andrevalet. Dette er det difor òg lurt å tenke grundig gjennom.
Hilsen rådgiver ungdomsskole i samarbeid med ung.no
Besvart: 27.1.2022
Oppdatert: 27.1.2022
Vi har valgt ut dette for deg
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål

