Spørsmål og svar

Eg kuttar meg og har gjort det ca 3 år, kvar går grensa? Eg kan bli redd

Jente, 13

Har stort problem med kutting! Eg har holdt på siden 5 klasse og no går eg i 8. Av og til kan eg gjere det litt langt ned sånn eg blir litt redd og handa mi «rister» på en måte. Av og til skjelver eg..Har blitt fortalt at eg må stoppe fordi det er litt alvorlig, men det går ikkje..eg kutter vertfall kvar veke og er på en måte ikkje fornøgd før eg har vondt, og blør..Kor går grensa?

Svar

Hei, jente på 13 år!

Takk for spørsmålet ditt.

Det høyres ut som om dette er noko du har slitt med over tid og at du nærmast tenker at du ikkje kan bli kvitt det (ettersom du skriv at "det går ikkje"). Samtidig spør du om kor grensa går og også at du kan bli redd - då tenker eg at du kanskje tenker at dette er litt alvorlig sjølv og at du kanskje ønsker å få hjelp. Det er ein god start!

For å svare på spørsmålet så er det ikkje så klart kor grensa går med tanke på når det blir veldig farleg å holde på. Og det er kanskje nettopp det som er det skremmande med det - at slik det høyres ut som du held på no så tøyer du kanskje strikken litt og plutselig kan det gå for langt og dette blir meir alvorlig enn du kanskje hadde tenkt/sett for deg. Dette er det sjølvsagt viktig at ikkje skjer. Og eg tenker også at uansett om du held deg innafor "grensa" med tanker på kva du "tåler" fysisk så har dette også ein psykisk effekt som ikkje er bra for deg over tid. Det er mange som kuttar seg i periodar og for nokon går det over - men for andre er det viktig å få snakka ut om dei tankane ein har inni seg og dei følelsane ein har som ein kanskje forsøker å regulere/nedre/dempe ved å kutte seg. Det er derfor lurt at du ber om hjelp for å klare å slutte med kuttingen og for å finne andre måtar å regulere følelsar på. Det uroar meg at du skriv at du ikkje er nøgd før du får vondt. Kvifor skal du ha vondt? Kvifor skal du bli behandla dårleg av deg sjølv? Hugs at det er lurt å lære seg å vere grei mot seg sjølv og kanskje tenke at ein skal behandle seg sjølv som ein ville behandla andre ein er glad i. Du ville nok ikkje skada andre som du skader deg sjølv. Det er lurt å jobbe med det vanskelige for å komme til eit punkt der ein også kan vere grei mot seg sjølv og tåle seg sjølv. 

Eg tenkjer at det er lurt om du kontaktar nokon du kan snakke med om det du strever med. Det kan vere helsesjukepleiar på skulen eller helsestasjon for ungdom. Det er fint om du får hjelp heime til å ta kontakt men du kan gjere det på eige initiativ også. Dersom du vil kan du også gå til fastlegen. Både der og hos helsestasjon for ungdom kan du få tilvising til psykolog/BUP ved behov.

Eg ønsker deg alt godt og håper du får det betre snart! 

Med vennlig hilsen psykologen 

Besvart: 15.1.2020

Oppdatert: 15.1.2020

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål