Er fire pluss bra? Og kommer alt eg gjer på ungdomsskulen på vitnemålet?
Jente, 13
Hei! Eg har nettop begynt i ungdomskulen og har fått fire pluss er det bra? Kommer det og alt eg gjør på vitnemålet?
Svar
Hei!
Fire pluss er bra! Pluss vil seie at det er lite som skal til før du greier karakteren fem. Eg håpar læraren din har forklart deg kva du gjorde bra, og kva du skal forbetre til neste gong!
Karakterane du «samlar» i løpet av eit halvt år, vil bli skreve ned på eit karakterkort på slutten av halvåret. Dette kallar vi terminkarakterar.
Kvart fag får ein samlekarakter. Viss du til dømes får 4+, 4+, 5, og 5 på prøver i eit fag innan januar, så vil terminkarakteren din kunne bli 5 samla sett i dette faget.
Det neste halvåret går frå nyttår (midten av januar, omtrent) til sommaren. Kvart skuleår er altså delt inn i to halvår, eller terminar.
Og for kvart halvår startar du på «null». Du kan altså gjere det like godt, få dårlegare karakterar, eller gjere det betre, til kvar termin.
Den siste terminen går frå januar i 10.klasse og til sommaren. Det er denne sommaren at elevane får vitnemålet sitt, og det er resultatet ditt frå nyttår til sommaren dette året som kjem på vitnemålet. Desse karakterane kallas standpunkt.
Nokre få fag kan ha fått standpunkt på eit tidlegare tidspunkt. Til dømes musikk, kunst og handverk og mat og helse.
Eg håpar dette er til hjelp for deg!
Vennlig hilsen lærer/rådgiver, ungdomsskole, ung.no
Besvart: 22.9.2020
Oppdatert: 22.9.2020
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål