Spørsmål og svar

Korleis kan eg få foreldra mine til å forstå?

Jente, 16

Hei, eg er trans eg har følt på dette lenge, men har ikkje vert klar over det siden seint i Mai dette året. Eg er heilt ute, eg bruker ho kjønns pronomen og har til og med valgt eit anna namn for meg sjølv og det har vert sånn nokon måneder no. Vennene mine har vert støttende og dei har tilpasset seg dette. Familien min har ikkje tatt imot dette like bra. Sjølv om dei har visst lengre enn nokon andre har dei ikkje ein gang begynnt med å prøve å bruke mitt valgte namn og pronomen. Dette gjør meg frustrert og får meg til å føle at eg ikkje blir sett. Ilag med det ver gang eg snakker om kordan eg føler meg så begynner dei å snakke om at det er ein stor sjangse at eg kommer til å "angre" eller meine noko anna seiner. Uansett for mykje eg seier til dei om at det er veldig få som "angre" og at å hjelpe meg utforske meg sjølv er berre bra for at eg blir enda sikker på kven eg vil vere så er det som om dei gløymte kva eg sa rett etter. Kordan kan eg få dei til å fortså? Ønsket meir tegn :(

Svar

Hei.

Så fint at du skriver til ung.no.

Det er flott at vennene dine aksepterer deg, og respekterer deg, det er i det minste betre enn om ingen gjorde det.

Det kan vera vanskeleg for foreldre å akseptera at borna deira ikkje er den dei har kjent heile livet. Du må gi dei tid, dei fleste foreldre vil støtte borna sine, uansett kven dei er. Tenk deg at du har vore ombord i dette toget i lengre tid, mens dei nett har kome ombord.

Eg forstår at du er frustrert over foreldra og familien din som ikkje brukar det navnet eller det pronomenet du har valgt. Men ikkje gi deg, dei vil sannsynlegvis gjere det etter kvart.

Foreldre si største skrekk er at ungen deira skal ombestemma seg etter at det har skjedd forandringer med kroppen, gjennom enten hormoner eller kirurgi. Det dei ikkje forstår, er at det tar så lang tid fra første møte med helsevesenet til det skjer noko radikalt med kroppen, at du vil ha tid til å ombestemme deg fleire gonger.

Når du er over 16 år, kan du skjølve ta kontakt med helsevesenet og starte utgreiing i forhold til kjønnsinkongruens. Då må du til fastlegen som må henvise deg til BUP, som så etter ei utgreiing vil henvise til NBTS, på Rikshospitalet.

Mens du venter, kan du prøve å finne ditt uttrykk, som sier noko om kven du er, og som gjer at samfunnet vil bekrefte deg som den du ønsker å vere. Blir du bekrefta og føler på tilhørighet, så kan du lettare vera tålmodig mens du venter. Kan hende at du blir så nøgd med utrykket ditt at du slepp å gjere radikale endringar (hormonelle eller kirurgiske) med kroppen din.

Eg synast at du skal snakke med nokon i helsevesenet, som kan vera med deg i utforskinga av kjønn. Til dømes helsesjukepleiar på skulen din.

Det finst også ei chattelinje, Ichatten.no. Der kan du chatte anonymt om kjønn og identitet med fagpersonar.

Jeg ønsker deg alt godt.

Lykke til!

Med vennlig hilsen helsesykepleier og spesialist i sexologisk rådgivning (NACS)

Besvart: 19.12.2023

Oppdatert: 19.12.2023

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål