Eg kom ut som trans til foreldra mine, men dei seier fortsatt ho?
Annet, 17
Hei. Eg har lenge streva med å finne ut kven eg verkeleg er, og når eg først klarde å fortelje da til andre følte eg at dei ikkje heilt forstod min situasjon, sjølv om dei sa det. Eg kom ut som trans til foreldra mine, men eg føler ikkje dei aksepterer det. Dei seier endå «ho» til meg og det har no gått snart éit år sidan eg sa kom ut, eg prøver å vere tolmodig og å minne dei på å seie «han» til meg, men føler eg ikkje kjem noko lenger, enn der eg var då eg starta. Kva skal eg gjere?
Svar
Hei.
Så fint at du skriv til ung.no.
Eg forstår at du finn det vanskeleg når dei rundt deg ikkje aksepterer deg, eller respekterer ditt valg av pronomen. Spesielt nå ikkje foreldra dine ein gong forstår.
Foreldre har ofte vanskar med å anerkjenne og akseptere at ungen deira ikkje er den dei trudde. Difor treng dei ofte lengre tid for å kome der du er, som har tenkt på det lenge.
Du seier at du lenge har streva med å finne ut kven du er. Da høyres det ut som at du har gått aleine med dette, og då følast det mykkje tyngre enn om du hadde støtte heime.
Eg pleier å foreslå for ungdom med liknande vanskar som deg, at du leiter etter ditt uttrykk. Det inneber ofte at du klipper håret, bruker annleis type klede, i det heile kle deg og te deg som ein gut.
Når du har funne ditt uttrykk så det vere så tilfredstillande at du ikkje treng kjønnsbekreftande og kjønnskorrigerande behandling.
Det er også enklare for dei rundt deg å bruke rett pronomen, om du han navn som ein gut, og ser ut som ein gut.
Når du er over 16 år har du full råderett over eigen helse. Det vil seie at du sjølv kan bestille time sjå fastlegen og få henvisning til psykiatrien, som er den offentlege instansen som gjer første utgreiing av kjønnsinkongruens.
Du kan snakke med helsesjukepleiaren på skulen din eller på helsestasjon for ungdom. Der kan du i samtaler utforske kjønn og identitet. Det er enklare enn om du skal bala med desse tankane heilt aleine.
Det finst ei chattelinje Ichatten.no. der du kan chatte anonymt med fagfolk, om emnene kjønn og identitet.
Jeg ønsker deg alt godt.
Lykke til!
Med vennlig hilsen helsesykepleier og spesialist i sexologisk rådgivning (NACS)
Besvart: 13.5.2023
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål



