Spørsmål og svar

Eg rødmar når ein gut i klassen ser på meg, kvifor gjer eg det?

Jente, 13

Hei, det er ein gutt i klassa som stirrer noe ekstremt på meg, å eg er ikkje forelsket i han men når eg går forbi beggyner eg å rødme skjølv om eg ikkje er forelsket kva kan det vere?

Svar

Hei

Eg skjøner godt korleis du har det. Du er ikkje aleine om å oppleve det du gjer, og forhåpentlegvis kan mine tips og ord hjelpe deg. 

At du byrjar å rødme betyr ikkje nødvendigvis at du er forelska. Når kroppen din opplever ein stressande og uvand situasjon kan han reagere nervøst, utan at du vil det. Litt som når nokon spør deg om du lyg sjølv om du ikkje gjer det, og du kjenner du får svette hender. 

Håper det hjalp!

Hilsen ungdomsredaksjonen, Ung.no

Besvart: 27.10.2020

Oppdatert: 27.10.2020

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål