Spørsmål og svar

Kan det vere eg har ADHD? Pappa er frekk når eg tar det opp

Jente, 14

hei! eg sliter veldig med å følge med i timene, må alltid ha noke å fikle med, soner ut ganske ofte, klarer ikkje å sitte i ro og får skikkelig sånne energi utbrudd på en måte ahahah. lærerene mine klager på at eg ikkje følger med i timene, men eg kan liksom ikkje noke for d. eg har prøvd å ta d opp m foreldrene mine, men pappa bare svarer "eg var akkurat sånn som d når eg va like gammel som deg, men eg har ikkje adhd" uten at han har testa seg for d. eg har lyst å sjekke meg for d, og finne ut om ka som gjer at eg e sånn, men eg får ikkje lov. søstre mi e sånn og, og ho seie at ho trur at ho har d, men ingen av oss får lov t å sjekke oss. eg snakka m pappa om d når vi var på konferanse m læraren min, fordi at han sa at andre lærere hat klagd på d, men når eg kom heim så blei bare pappa sur på meg og sa "åja, så du har konsentrasjons vansker" på ein skikkelig fekk måte. men uansett ahahah, kan dette vere adhd?

Svar

Hei, jente på 14 år!

Flott at du tar kontakt.

Det er klart at alt du beskriver kan vere symptomer på ADHD. Samtidig så er det slik at det krevast ein veldig grundig utredning for å få ein slik diagnose. Det du beskriver kan også komme av mange andre ting og det kjem jo sjølvsagt an på graden av det du beskriver og om du har hatt det slik heile livet og så vidare. 

Så eg kan dessverre ikkje gi noko anna råd enn at det umogleg å seie noko om dette over nett og du er nødt til å få "sjekka det" ordentlig dersom du skal finne ut av det. 

Kva som gjer at din far er så negativ til dette veit eg ikkje. Kanskje er han overbevist om at du ikkje har det? Kanskje er han imot diagnosar? Kanskje er han redd for kva det innebærer dersom du eller søstra di hadde fått en diagnose? Det er bare faren din som kan svare på kva det er som gjer at han svarer deg som han gjer. 

Det du kan gjere er at du snakkar med nokon andre enn faren din om dette. Kanskje kan det vere lurt å gå til helsesjukepleiar på skulen din for å drøfte. Vedkommande er vant til å snakke med andre på din alder om forskjellige ting som dei lurar på. Det er gratis å gå dit og foreldra dine trenger ikkje å vere innblanda. Så kan du få råd om kva du bør gjere vidare. 

For å få utredning for ADHD må dette gjerast i spesialisthelsetjenesten - altså ved BUP. Det er psykolog og/eller lege som gjer ein slik utredning. For å komme til BUP må du ha henvisning frå fastlegen din. 

Eg ønsker deg alt godt! 

Med vennlig hilsen psykologen 

Besvart: 13.5.2021

Oppdatert: 13.5.2021

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål