Kva alder kan du sjølv avgjera kvar du vil bu om foreldra ikkje bur i lag?
Jente, 14
kor gammel må du vere for å bestemme kor du bur? liksom vist mora eller faren din er skilt
Svar
Hei - og takk for at du skriv til oss
Etter Barnelova (Lov om barn og foreldre) kan barn høyrast i saker som sterkt vedkjem dei, frå dei er 7 år gamle. Det tyder at barn over 7 år t.d. skal ha høve til å seie kor mykje dei ynskjer å bu hjå kvar av foreldra sine dersom dei ynskjer å seie noko om det. Dei treng ikkje seie noko om dei ikkje vil. Det er foreldra som tek avgjerda.
Når ein har fylt 12 år skal det leggjast betydeleg vekt på det barnet ynskjer om korleis dei vil bu: mest hos den eine eller den andre av foreldra, eller like mykje hjå båe. Det tyder at foreldra skal gå grundig gjenom det barnet ynskjer og sjå om det er mogleg å få det til slik barnet helst vil. Det er foreldra som tek den endelege avgjerda fram til barn fyller 16 år.
Når ein har fylt 16 år kan ein i utgangspunktet sjølv avgjera korleis ein vil bu hjå kvar av foreldra. Men dette avheng av at båe foreldra kan reknast som gode nok omsorgspersonar til ein i alderen 16-18 år. Dersom ein av foreldra ikkje er god nok omsorgsperson til at barnet bur der mest, kan ikkje barnet velja å bu der mest. Dersom den andre forelderen likevel tillet det, kan det bli bekymring for omsorgssituasjonen og det kan bli ei sak for barneverntenesta. Foreldre skal ha ei avtale om barn mellom 16-18 år, men det er ofte naturleg at det blir ei avtale mellom barn, mor og far.
Når ein har fylt 18 år er ein myndig etter norsk lov og da bestemmer ein i utgangspunktet heilt og fullt over seg sjølv. Dersom ein fortsat bur heime og blir forsørga av foreldra sine, vil det vera naturleg at ein må forhalde seg noko til slik foreldra ynskjer det skal vera i heimen.
Lykke til!
Mvh
familieterapeuten
Besvart: 15.3.2022
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål