Tips til flørting og korleis eg skal si at eg liker han?
Jente, 13
Hei, eg liker ein gutt i klassen, men eg er redd for å fortelle han det. Eg er ikkje sikker på om han liker meg tilbake, men han tuller mye med meg og eg føler meg glad når eg tenker på han.Eg håper at eg har ein sjanse til å bli sammen med han. Kan du gi meg nokre tips til flørting og til korleis eg skal si til han at eg liker han?
Svar
Hei!
Så fint at du er forelska i ein flott gut! Eg skjøner godt at det er vanskeleg å fortelje han kva du føler.
Det kan vere ein god plan å byrje med å flørte med han. Du kan flørte ved å halde blikket hans ekstra lenge, gje han kompliment, og smile mykje når du er rundt han. Det viktigaste er å tørre å gje han oppmerksemda di. Få han til å føle seg sett, og føle seg vel! Og så flørtar vi heilt naturleg når det er nokon vi liker;)
Prøv gjerne også å byrje å hengje meir med han. Inviter han til å finne på noko med deg! Eg er sikker på at han kjem til å synest det er kjempehyggeleig at du spør.
Og så kan du gjerne fortelje han kva du føler. Det er lettare sagt enn gjort, og det kan vere skikkeleg skummelt. Men det finst inga fasit her- Det gjeld å hoppe i det! Det er nok betre å fortelje han kva du føler, enn å gå rundt og ikkje vite, og la sjansen gå i frå deg.
Lykke til!
Hilsen ungdomsredaksjonen, ung.no
Besvart: 4.3.2022
Vi har valgt ut dette for deg
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål

