Spørsmål og svar

Er det framleis god sjanse for betring av tinnitus?

Gutt, 15

Hei, har hatt tinnitus i nokre dagar over månedar 4 månedar. Eg har brukt øretelefonar litt høgt daglig ei stund no, fram til då eg fekk tinnitus. Eg spelar også gitar i band og vi spelar ganske høgt. Eg har spelt i band i akkurat eit år no nesten. Eg hadde ei periode fra Januar-Mai der vi sjeldent brukte ørebeskyttelse på øvingar. Vi alle merka litt susing av og til etter øvingane, men tenkte aldri over det. Nokre dagar før den 17. Mai hadde eg ei litt ekstra høglydt øving uten beskyttelse og eg satt på trommer. Spelte heldigvis ikkje så lenge, dagen etterpå merka eg at det var ei slags bølge hiss/sus i hodet/øre i eit heilt stille rom. Eg vart stressa og fekk litt angst for tinnitus. Heilt sidan da har eg brukt beskyttelse kvar einaste øving framover, skrudd mykje ned på øyretelefonane og vært meir forsiktig. Har både testa hørsel i X som viser god hørsel og vært med lege 3 gongar og ho sa at det kan gå over. Merkar nesten bare i stillheit. Er det fortsatt bra sjanse for betring?

Hei!

Tinnitus (øyresus) forstår eg godt er ubehageleg. Heldigvis går det som regel over av seg sjølv etter kvart, men vedvarande eksponering for høg lyd kan forlengje den perioden eller gi kronisk tinnitus.

Det er flott at du no bruker høyrselsvern på øving og når det er høg lyd rundt deg. Samstundes kan tinnitus koma av fleire ulike årsaker, og det er derfor bra at du har vore hjå legen med dette.

Det som kallast for akutt tinnitus er ofte forbigåande innan dei første månadane. Då er det ofte tilrådd å ikkje vera for mykje i fullstendig stillheit, fordi stille kan gjer at hjernen fokuserer meir på øyresusen, og det kan dermed verka forsterkande.

Du kan lese meir om tinnitus og behandling her: Tinnitus (øresus) - Helsenorge

Eg tenkjer at det er eit godt tegn at du kun høyrer øyresus når det er heilt stille, og at dette nok vil bli betre etter kvart. Dersom det held fram over tid kan du på nytt kontakte lege.

Ønskjer deg alt godt!

Vennleg helsing legen, ung.no

Besvart: 25.9.2026

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål