Spørsmål og svar

Begge har ikkje klint før, og me lurer på korleis me kan kline.

Gutt, 13

Hei ung eg er sammen me ein jente. Med er veldig glad i kvarandre og me kysser og klemmer når med er i lag. Men spørsmålet mitt er at me vil kline og ka er egentlig forskjellen mellom og kline og kysse. Og begge har ikkje klint før men me vil gjere det med kvarandre men me lurer på korleis. Har deke nåke svar på det. PS me vil ha eit svar fra ein som skriver det og ikkje berre artikler☺️

Svar

Hei!

Så fint å høyre at du er saman med ei jente du er glad i<3

Ei lang rekke kyss, der munnane nesten ikkje skiljast frå kvarandre, er det vi ofte meiner med klining.

Når ingen av dokker har klina før, er det ein fin sjanse til å øve seg og bli gode saman. Det er noko ein må trene seg på, og det er aldri lett første gong. Det må rett og slett prøvast ut;)

Det viktigaste når ein skal kline, er å lytte til partnaren sin og ikkje bli for ivrig for fort. Dokker kan byrje med vanleg kyssing, og viss begge blir meir ivrige, kan dokker åpne munnen og forsiktig bruke tunga. Dokker treng heller ikkje bruke tunge viss dokker ikkje vil.

Ta det i eit rolig tempo, og utforsk det saman.

Det finst inga fasit på klining - Så lenge det kjennast godt for dokker begge, gjer dokker det riktig!

Lykke til!

Hilsen ungdomsredaksjonen, ung.no

Besvart: 5.3.2022

Vi har valgt ut dette for deg

Fikk du svar på det du lurte på?

Still oss et spørsmål

Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.

Still et spørsmål