Eg har epilepsi - kva er rettane mine på skolen?
Gutt, 17
Eg går i 1. klasse på vidaregåande og har epilepsi som gir nattlege anfall (5–10 per natt). Dette påverkar kvardagen min, særleg når det gjeld lange prøver og innleveringar. Eg gjer det bra i muntleg og korte prøver, men slit meir med skriftlege oppgåver(eksamen+), i engelsk har eg fått både 4 og 5, men standpunktkarakteren er 4. Eg meiner dette ikkje speglar min kompetanse. Eit døme: vi skulle sjå ein film og svare på spørsmål. Eg var ikkje til stades første visning, fekk ikkje beskjed om å ta notat, og var akkurat komen heim frå X ble sjuk der. Svara mine blei mixed og dårlig på filmvurdering)Eg fekk heller ikkje ekstra tid på eksamen, sat til siste minutt då måtte alle gå. Ifølge Opplæringslova § 1-3 og rett til tilrettelegging skal elevar få høve til å vise kva dei faktisk kan, utan at helseproblem hindrar det. Tilrettelegging skal tilpassast behov, og vurderinga skal fokusere på innhald – ikkje småfeil.Eg ønskjer å vite fleire rettar eg har og kva som kan gjerast klage
Svar
Hei,
Eg skjønar at du har ein krevjande skulekvardag, og synest du viser god innsikt i kva du klarer innafor vanleg skolearbeid og kor du møter utfordringar.
Det stemmer at du som har dokumentert helseutfordring kan ha rett til ekstra tilpassing. Då er det viktig at skolen er informert om dette, og har fått dokumentasjon knytta til situasjonen din.
Rådet mitt er at du ber om ein samtale med rådgjevar på skolen din for å gå gjennom
- kva tilpassing du allereie har, og kva som eventuelt kan endrast innafor skolen sine rammer
- kva skolen har av dokumentasjon, kva som eventuelt manglar
- om skolen har vurdert om du har tilstrekkjeleg utbytte av opplæringa slik det står i opplæringslova §11-2
Klage
- Manglande tilretteleggjing på skolen kan vera diskriminering. I artikkelen (lagt ved) kan du lesa meir om kor du kan klage dersom du ikkje får den tilretteleggjinga du har krav på
- Epilepsiforbundet har informasjon og råd om tilrettelegging i skolen
- Du har rett til å klage på eksamenskarakter og standpunktkarakter, det står i kapittel 10 i opplæringsforskrifta
Du kan òg ta kontakt med elev- og lærlingeombodet i ditt fylke for å få meir vegleiing.
Lukke til!
Hilsen
Mobbeombud i Rogaland i samarbeid med Ung.no
Finn ditt ombud på elevombudene.no
Besvart: 6.6.2025
Oppdatert: 6.6.2025
Fikk du svar på det du lurte på?
Spørsmål og svar som ligner
Still oss et spørsmål
Fant du ikke svar på det du lurer på? Da kan du stille oss et eget spørsmål. De fleste får svar innen 1-3 dager.
Still et spørsmål
